Hopp til innhold

Etterlyst mann er pågripen

Politiet seier mannen som vart etterlyst onsdag morgon ikkje er til fare for privatpersonar. Mannen blei pågripen i føremiddag.

I ei pressemeldinga sendt onsdag morgon understreka Kripos at «mannen er farlig!!».

Politiet i Nordre-Buskerud opplyser til NRK.no at meldinga frå Kripos vart sendt ut til media ved ein feil og avviser at mannen er farleg for andre.

«Politiet i Nordre Buskerud understrekar at denne personen berre var etterlyst internt i politiet med bakgrunn i eit rutineoppdrag, og at det ved ein feil har gått ut melding til media. Denne personen har ikkje noko med terrorsaken å gjere», skriv politiet i ei pressemelding.

Personen er no pågripen av politiet.

Psykisk ustabil

Mannen slapp ut av fengsel måndag, og skal vera psykisk ustabil. Politiet etterlyser mannen etter at kriminalomsorgen sendte ei bekymringsmelding.

Mannen frå Hallingdal hade sona ein dom etter blant anna å ha knust inngangspartiet til Flå lensmannskontor og retta trugsmål mot tenestemenn.

Kriminalomsorgen hadde samtale med mannen i går, og skildrar mannen som svært sjuk og ustabil. Han identifiserte seg med Anders Behring Breivik, mannen som har tilstått at han fredag 22.juli tok livet av 76 menneske, står det i meldinga frå Kripos.

– Desse opplysningane er sterkt overdrivne. Eg gjentek at mannen ikkje er til fare for andre, seier Omholt i Nordre Buskerud politidistrikt.

AKTUELT NÅ