Hopp til innhold

Imre Hercz er død

Samfunnsdebattant, Israelsven og lege Imre Hercz sovna stille inn 24. juli.

Imre Hercz

Som 15-åring vart han sendt til konsentrasjonsleiren Auschwitz, deretter til Dachau. Imre Hercz heldt mange foredrag om dei grusame opplevingane under den andre verdskrigen, spesielt for skuleungdom.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Han var kjent som ein aktiv samfunnsdebattant som snakka ut mot rasisme og antisemittisme, Israelsven, lege og holocaustoverlevande.

Imre Hercz var opprinneleg frå Ungarn, men budde i Noreg frå 1952. Som jøde vart han sendt til konsentrasjonsleiren Auschwitz som 15-åring.

«Han laug om alderen sin og oppga at han var 17 år gammal, noko som redda livet hans. Men etter seleksjonen blei det oppdaga at han berre var 15 år, og han blei sendt til barnebrakkene», skriv leiar for Senter mot antisemittisme, Michal Rachel Suissa, i ein nekrolog.

Heldt foredrag for skuleungdom

I desember 1944 vart han overført til leiren Dachau. Då han endeleg slapp fri vog han 29 kilo og hadde tuberkulose. Det tok fem og eit halvt år før han vart frisk igjen.

Rundt 60 av familiemedlemane hans døydde under den andre verdskrigen.

I 1952 kom han til Noreg og utdanna seg som lege. Her opna han mellom anna den første legevakta i Brumunddal og sitt eige legesenter i Bærum.

Han var blant dei ti første som fekk godkjent spesialitet i allmennmedisin i Noreg og heldt mange foredrag om helsepolitikk, samt skreiv artiklar.

(Artikkelen held fram under biletet)

Imre Hercz

Imre Hercz heldt utallige foredrag mot rasisme og antisemittisme. Her frå Youngstorget i Oslo.

Foto: Bast, Ida von Hanno / SCANPIX

Fekk Kongens fortenestemedalje

Hercz heldt mange foredrag om opplevingane i konsentrasjonsleirane, spesielt for klasser som reiste med dei kvite bussane til Polen.

Han var styremedlem i Det Mosaiske Trossamfunn mellom 1972 og 1991 og vart tildelt Kongens fortenestemedalje i 2010.

I 2009 klaga han TV2 og Otto Jespersen inn til PFU for eit innslag han meinte var antisemittisk. Han vann fram med klagen.

«Imre Hercz var ein stor ven av Israel og støtta jødane sitt heimland utallige gongar både i TV-debattar og avisinnlegg. Eg hadde personleg æra av å delta saman med han i TV-debattar og stå saman med han for Israels rett til å forsvare seg og jødane sin rett til liv, noko Imre var svært opptatt av å formidle til nordmenn. Han talte alltid ut frå sine eigne bitre erfaringar. Vi lyser fred over hans minne», skriv Michal Rachel Suissa.

Gravferda vil finne stad i morgon, onsdag 27. juli, på den jødiske gravlunden i Oslo, Tvetenveien 7, klokka 13.00.

AKTUELT NÅ