Hopp til innhold

Flykta med drapsmannen hakk i hæl

– Det var eit blodbad. Me hadde ingen veg å flykta, fortel Dana Barzingi, som såvidt slapp unna marerittet på Utøya i live.

Video Dana Barzingi i Skedsmo AUF

Dana Barzingi fortel om marerittet på Utøya, der 85 av dei rundt 600 AUF-ungdommane som var på sommarleir vart drepne.

Anders Behring Breivik

Anders Behring Breivik vart pågripen av politiet på Utøya fredags kveld. Han er sikta for både massakren på øya og bombeeksplosjonen i Oslo sentrum like før.

Foto: AFP/Facebook

Iført politiuniform og med automatvåpen står den terror-sikta Anders Behring Breivik (32) i vasskanten. Rundt han ligg døde og skadde ungdommar som berre minuttar tidlegare var lykkelege deltakarar på AUF sin sommarleir på Utøya.

– Eg prøvde å gje folk førstehjelp. Han eine sa til meg «spring, redd deg sjølv, redd deg sjølv». Andre spelte døde rundt om kring slik at gjerningsmannen ikkje skulle finna dei, fortel Dana Barzingi, som er leiar i Skedsmo AUF.

Skaut alle han såg - utan hastverk

Like før blodbadet starta hadde gjerningsmannen kalla saman AUF-ungdommen, og sa han skulle informera dei om bombene i Oslo. Plutseleg begynte han å skyta.

I vill panikk la folk på flukt, men dei var fanga på øya. Mange rømde ned til sjøkanten for å symja vekk frå massakren som var i ferd med å utarta seg.

Barzingi var på Utøya saman med dei to systrene sine Hana og Hadjin. Då skytinga starta mista han kontakten med dei.

– Eg gøymde meg i buskane i skogen. Skyttaren kom dit også, fordi han gjekk rundar rundt øya. Han ville framleis ha oss til å tru at han var politi og sa «kom, redninga er her». Men når folk gjekk mot han, skaut han dei, fortel Barzingi til NRK.

– Han skaut alle han såg, men gjekk roleg og hadde ikkje hastverk. Eg såg fleire av venene mine som låg der, nokon døde og andre skadde.

– Det var eit blodbad

Barzingi og fleire andre ungdommar som hadde søkt tilflukt i skogen sprang deretter ned til sjøkanten for å hjelpa dei som hadde overlevd, men som var såra.

– Det var eit blodbad. Me hadde ingen veg å flykta. Når folk prøvde å symja, skaut han dei også. Eg ville berre finna systrene mine. Eg kunne ikkje dra utan dei.

Lokallagsleiaren leita desperat etter systrene sine med gjerningsmannen hakk i hæl. Etter ei stund kom politistyrkar til øya – denne gongen ekte.

Barzingi og systrene var i trygge hender, men no i ettertid er sjokket stort og sorgen djup.

– Me skal på sjukehuset for å sjå til dei som overlevde. Og så er det minnestund for dei som ikkje gjorde det.

AKTUELT NÅ