Hopp til innhold

Vil gje foreldre ein time fri kvar dag

SV foreslår at alle småbarnsforeldre bør få ein time fri frå jobben kvar dag, for å gjere kvardagen deira enklare.

Far og sønn

Meir kvalitetstid saman med borna er ønsket frå SV. Illustrasjonsbilde.

Foto: Johannessen, Sara, Sara Johannessen / SCANPIX

Forslaget går ut på at foreldre til born mellom eitt og halvtanna år skal kunne krevje uløna permisjon frå staten – ein halvtime kvar til mor og far.

Familiepolitisk talskvinne i SV, Gina Barstad, meiner dette kan vere gull verdt for småbarnsforeldre.

Vil ha færre i deltidsjobb

Gina Barstad

Gina Barstad i SV trur forslaget vil gjere kvardagen enklare for foreldre.

Foto: Stig Marlon Weston/SV

– Ein halvtime kan vere gull verdt om morgonen, særlig dersom du har ein liten unge som skrik og er vanskeleg. Det er til dømes den tida det tek til henting og bringing i barnehage, og ein halvtime mindre med det dårlege samvitet som mange foreldre kjenner på, seier ho.

Eit viktig mål for SV er at færre kvinner vel deltidsjobb. Gina Barstad, meiner ei permisjonsordning med ein times fri for småbarnsforeldre kan motverke dette.

– Det er rett og slett eit forslag som i all hovudsak skal gjere det enklare for småbarnsforeldre å kombinere full jobb og å ha heilt små born i barnehage.

Trur det førar til meir tidspress

Julie Voldberg

Julie Voldberg i Høgres kvinneforum trur forslaget verkar mot sitt føremål.

Foto: Høyre

Leiar for Høgres kvinneforum, Julie Voldberg, er skeptisk. Ho trur at resultatet vil bli det motsette av kva SV ønskjer å oppnå.

– Eg er sikker på at formålet til SV er veldig bra. Dersom småbarnsforeldre skal gjere same jobb, men på kortare tid, vil det føre til ein meir stressande kvardag, og ikkje ein mindre stressande kvardag.

Fagorganisasjonen YS foreslo eit liknande tiltak i 2004.

– Milliardane som nyttast til kontantstøtte er akkurat summen me treng for å finansiere ein 6 timars arbeidsdag med full løn for småbarnsforeldre. Ei glitrande god løysning på tidsklemma, sa YS-leiar Randi Bjørgen den gongen.

Om løysninga var glitrande eller ikkje, så vart den ikkje prioritert av organisasjonen den gongen. Debatten om 6 timars arbeidsdag har rast i lang tid, men blei erklært død av fornyingsminister Rigmor Aasrud frå Arbeidarpartiet førre sommar.

– Forsøk visar at sekstimarsdagen ikkje er det verkemiddelet som er viktigast for å få arbeidstakarane til å stå lengre i jobb. Då får me ta med oss den erfaringa og leite etter andre tiltak som bidrar til dette, sa Aasrud til NRK.

Er dette eit godt forslag? Stem og kommenter under!

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ