Hopp til innhold

Vil ikkje stanse rekruttering av islandsk ungdom

Forsvarsdepartementet vil ikkje avvise at det blir fleire vervekampanjar på Island, men krev at Forsvaret frå no av skal varsla politikarane. – Pinleg, seier Dagfinn Høybråten.

Hilmar Haraldsson

Islandske Hilmar Haraldsson er ein av dei som har oppfordra islandske ungdomar til å søkje i Forsvaret.

Foto: Jonas Sætre / NRK

Etter NRK sine avsløringar om at Forsvaret har drive aktiv rekruttering av islandske ungdomar, har reaksjonane på Island vore sterke.

Dette har ført til at Forsvarsdepartementet har kravd svar frå Forsvaret om omfanget av praksisen.

No uttalar departementet seg om saka for første gong, men dei er ikkje villige til å innrømme feil. Dei vil heller ikkje avvise at rekrutteringa kjem til å halde fram.

Vil ikkje beklage

NETTVETT

- Me har ingen grunn til å beklage, seier departementsråd Erik Lund-Isaksen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Departementsråd Erik Lund-Isaksen i Forsvarsdepartementet har fått ei utgreiing frå Forsvarssjefen. Der legg rektoren ved Forsvarets Ingeniørhøgskule seg flat etter avsløringane om verving av islandske ungdomar.

Lund-Isaksen ser derimot ikkje noko kritikkverdig i saka.

– Eg meiner at me ikkje har nokon grunn til å beklage. Me har halde oss til avtalar som er inngåtte med islandske styresmakter. Det har vore ein beskjeden informasjonsverksemd om eit studietilbod som islandske styresmakter har ønskt at deira ungdommar skal få tilgang til, seier Lund-Isaksen.

Departementsråden vedgår at islandske styresmakter oppfattar praksisen annleis enn dei norske, og vil difor endre på praksisen.

– Me seier til Forsvaret at dersom denne type informasjonsverksemd skal gjennomførast i framtida, så skal dette bli klarert med oss i departementet. Me vil då ta kontakt med styresmaktene på Island, slik at det ikkje vert nokon mistydingar der.

Meiner det er Island sitt ansvar

– Bør ikkje Forsvaret ta ansvar for å ha drive med aktivitet som er ulovleg i følgje islandsk straffelov?

– Me overlatar til islendingane å ta diskusjonen om dette er i gråsona i forhold til deira interne lovgjeving.

Isaksen meinar det er dei islandske skulane som ga løyve til rekrutteringa som må ta ansvar for at dette er i strid med islandsk straffelov.

– Er det rett å la islandsk ungdom verve seg i Forsvaret, når mange norske ungdomar som ønskjer det ikkje får lov?

– Me har i ulike utanlandsoperasjonar bidrag frå forskjellige nasjonar. Det er snakk om å finne rett kompetanse, slik at me kan gjere best mogleg jobb i den operasjonen me er med i.

Isaksen seier han er litt overraska over den massive responsen saka har fått på Island. Han vil likevel ikkje love ein stans i rekrutteringa av islandsk ungdom.

– Denne informasjonsverksemda som er gjort seier me at kan fortsetje, men det må fremjast ei konkret sak kvar gong gjennom departementet, slik at me kan ta kontakt med islandske styresmakter for å unngå fleire mistydingar.

– Må all kontakt med islandsk ungdom gå gjennom departementet frå no av?

– Ja, når me skal opp til Island og informere om dette. Elles inneheld jo avtaleverket spelereglar om korleis islandsk ungdom må fremje søknader via islandske styresmakter.

Meiner det er pinleg av Forsvaret

Dagfinn Høybråten

Dagfinn Høybråten meiner rekrutteringa på Island er pinleg for Forsvaret.

Foto: NRK

Dagfinn Høybråten har kravd svar frå Forsvarsministeren om praksisen på Island, og seier til NRK.no at reaksjonen frå departementet er pinleg.

– I dette ligg det ein klar innrømming av at denne rekrutteringa har gått føre seg utan tilstrekkeleg overordna styring.

– Saka er pinleg for Forsvaret slik ho står fram, all den tid det har skjedd i strid med islandsk politikk på området.

Høybråten meiner det er lite truleg at praksisen på Island vil halde fram, men er tilbakehalden med å uttale seg meir fram til han får høve til å lese det offisielle svaret frå forsvarsminister Grete Faremo.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger