Hopp til innhold

Ny konsernsjef i NSB

Geir Isaksen er tilsett som ny konsernsjef i NSB.

Ny konsernsjef i NTB

TAR OVER NSB: Geir Isaksen.

Isaksen kjem frå havbruksselskapet selskapet Cermaq ASA, der han har vore konsernsjef sidan 1996.

– Eg vel å forlata Cermaq på eit tidspunkt der drifta og organisasjonen er solid i alle ledd og resultata er gode. Det er no tid for å la andre krefter byggja selskapet vidare på dette fundamentet. Eg gler meg difor til å ta fatt på nye utfordringar i NSB, seier Isaksen i ei kunngjering.

Kleppa: – Eit godt val

NSB er det største transportkonsernet i Noreg, med ein omsetnad på over 11 milliardar kroner og med ca 12 000 tilsette innan forretningsområda persontrafikk med tog og buss, gods, eigedom og andre støttefunksjonar.

– Eg gratulerer NSB med val av ny konsernsjef. Dette er eit godt val. Geir Isaksen er kjend som ein erfaren leiar med solid bakgrunn frå verksend med offentleg eigarskap og stort resultatfokus, seier samferdselsminister Magnhild Meltveit Kleppa i ei pressemelding.

AKTUELT NÅ