Aldri før har så mange heterofile fått diagnosen Hiv-positiv etter å ha vorte smitta av viruset i Noreg.
I fjor blei 57 personar diagnostiserte etter heteroseksuell smitte i Noreg. Dette er ifølgje Folkehelseinstituttet (FHI) ein kraftig auke samanlikna med statistikken for dei siste fem åra, og det høgaste talet registrert nokosinne for denne gruppa.
– Smitteauken blant heteroseksuelle har vore synleg i eit par år no. Det er kritikkverdig at styresmaktene ikkje har teke inn over seg denne alarmerande utviklinga, seier generalsekretær i interesseorganisasjonen HivNorge, Evy-Aina Røe.
- LES OGSÅ: – Politikerne trenger en Hiv-oppvekker
- LES OGSÅ: Aids 30 år etter: Framleis ingen kur
40 prosent fleire
I sin statistikk over Hiv-smitte blant heterofile i Noreg, skil FHI mellom to grupper: personar som er smitta i Noreg og dei som er smitta før dei kom til Noreg (asylsøkjarar, familieinnvandrarar etc.).
Det årlege gjennomsnittstalet på heterofile smitta i Noreg er 41 tilfelle. Talet for i fjor, 57 personar, representerer dermed ein auke på heile 39 prosent frå gjennomsnittet.
– Ikkje berre i Noreg, men på verdsbasis er det ein formidabel auke i talet på Hiv-diagnostiserte i den heterofile befolkninga, som per i dag ikkje vert rekna som ei risikogruppe i arbeidet mot Hiv og Aids, fortel Røe.
- LES OGSÅ: Folk har glemt at Aids eksisterer
– Tenkjer ikkje på at dei kan få Hiv
Informasjonskampanjen er i dag retta mot spesielt utsette grupper i befolkninga: homofile, sprøyterusmisbrukarar, prostituerte og einskilde innvandrargrupper.
Nasjonal hivstrategi for perioden 2009-2014, «Aksept og mestring», slår fast at smitterisikoen for heteroseksuell kontakt er låg:
«Det er ikke påvist økning av hiv som er overført heteroseksuelt blant personer født i Norge (....) Det er lite sannsynlig med større endringer i den epidemiologiske situasjonen de nærmeste årene.»
– Heterofile tenkjer ikkje på at dei også kan få Hiv. Dermed blir dei uforsiktige og slepphendte med bruken av kondom, seier Røe, som meiner det er på tide med informasjonskampanjar retta mot heile befolkninga.
- LES OGSÅ: Norge får stryk for Hiv-holdninger
– Epidemien har endra seg
HivNorge-leiaren er i dag på FN sitt toppmøte om Hiv og Aids i New York, saman med ein norsk delegasjon beståande av blant anna utviklingsminister Erik Solheim (SV) og kronprinsesse Mette-Marit.
Utsendingar frå heile verda er samla i organisasjonen sitt hovudkvarter for å staka ut ein vidare handlingsplan for den globale innsatsen mot Hiv og Aids.
Røe i HivNorge håpar at resultatet av FN-møtet vil bli ein ny og oppdatert strategi som også tek høgde for dei retningane epidemien har endra seg i dei siste åra. Men også norske styremakter må ta grep på heimebane for å stansa den faretrugande utviklinga, meiner ho.
Vil gå breiare ut
I den gjeldande norske hivstrategien står det også at merksemda kring Hiv i den norske befolkninga generelt har vorte dårlegare dei siste åra. Den påpeikar dessutan at ei låg trusseloppfatning vil gjera heteroseksuelle meir såbrare for Hiv-smitte.
Helsedirektoratet innrømmer no at dagens strategi kan vera mogen for fornying.
30 år etter at dei første rapportane kom om den mystiske sjukdomen, har det utvikla seg eit kunnskaps - og informasjonsvakuum, uttalar seniorrådgjevar Arild Johan Myrberg i eit intervju med magasinet Positiv.
– Kanskje burde me drøfta om det igjen er tid for ein omfattande informasjonskampanje retta mot heile befolkninga, slik at me får ned smittetala, seier Myrberg til bladet.
– Det vil også slå ut på dei som høyrer til dei mest utsette gruppene, legg han til.
- LES OGSÅ: Vil ha nytt tilbud for Hiv-testing