Hopp til innhold

Delelinjeavtala trer snart i kraft

Etter mykje fram og tilbake er det no endeleg. På tysdag er delelinjeavtala mellom Noreg og Russland bindande, og vil offisielt tre i kraft om ein drøy månad.

Kart delelinja i Barentshavet

Den raude streken markerar den nye delelinja mellom Noreg og Russland.

Førstkomande tysdag kjem den russiske utanriksministeren, Sergej Lavrov til Noreg for å utveksle avtaledokumenta med utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Dermed er avtalen mellom dei to landa bindande, og den trer altså i kraft ein månad seinare, den 7. juli.

Økt samarbeid på fleire område

Avtalen mellom Norge og Russland om grenselinja Barentshavet og Polhavet vart underteikna i Murmansk 15. september i fjor.

Russland sin president, Dmitrij Medvedev uttalte den gongen at avtala opnar for høve til felles næringsutvikling, både innan energisektoren og når det gjeld transport.

  • LES OGSÅ:

Han sikta blant anna til Nordøstpassasjen, der det no blir gjort forsøk på kommersiell transport.

– Me har også felles utfordringar når det gjeld havmiljøet, og me kan samarbeide om miljø, strålevern og kjernefysisk tryggleik, understreka presidenten.

Noreg og Russland har i lang tid dreve ei felles forvaltning av fiskeressursa i grenseområdet.

I tillegg er over 20 norske verksemder representert i Murmansk. Mange av desse er leverandørar til olje- og gassindustrien.

I eit vedlegg til avtala vert det også lagt føringar på korleis førekomstar som kryssar grensene skal forvaltast.

Har vore protestar

Delelinjeavtala var under press i januar i år, då fiskeindustrien i Murmansk gjekk hardt ut mot avtala. Titusenvis av russiske fiskarar frykta at dei ville miste attraktive fiskerettar som følgje av avtala.

Fiskarane ville at den russiske nasjonalforsamlinga skulle stogge delelinjeavtala, og innleie nye forhandlingar med Noreg om retten til å fiske i det vestlege Barentshavet, og ikkje minst i området rundt Spitsbergen.

AKTUELT NÅ