Hopp til innhold

Følg skrekkferda til Susanne Auke

Susanne Auke var på veg heim etter siste skuledag før sommarferien då ho vart påkøyrd og slept omlag fire kilometer under ein bil. Her kan du følgja den grufulle ruta.

Video Følg skrekkferda til Susanne Auke

NETT-TV: Følg skrekkferda til Susanne Auke

Susanne ble påkjørt i Slemmestad

Susanne Auke før ulykken i 2009.

Foto: Privat
Susanne Auke

Tirsdag møtte Susanne Auke i retten.

Foto: Tonje Eide / NRK

I dag skal Drammen tingrett følgja ruta frå staden der Susanne Auke (15) vart påkøyrd og hekta fast under ein bil og fram til huset til den 29 år gamle sjåføren, der Susanne vart funnen.

Ei likkvit og våt jentehand stikk ut frå undersida av ein bil. Ho er død, tenkjer politibetjent Monica Sun Svenningsen, som likevel tek tak i den kalde handa. Brått klemmer den tilbake og to auge stirar opp på Svenningsen. Den då 13 år gamle jenta får ein beskjed ho seint vil gløyma.

– Me er frå politiet, og me er her for å hjelpa deg.

Frå feriefryd til mareritt

La oss gå to år, ein månad og åtte dagar tilbake i tid. Til ein heilt vanleg torsdag føremiddag i 2009.

Sommarregnet slår ned mot den harde, svarte asfalten på ein veg i Slemmestad i Buskerud. Kalenderen viser datoen 18.juni – ein dag med hendingar Susanne Auke gjerne skulle ha vore forutan.

I utgangspunktet er det ein gledens dag for den 13 år gamle skuleeleven. Ho og veninnene er nemleg på veg heim etter siste skuledag før ein etterlengta sommarferie. I vente har dei to månader med leksefri og moro.

Men i eit vegkryss berre eit steinkast heimefrå, vert det brått slutt på gleda.

Påkøyrt to gonger

For berre to år sidan var det ingen trafikklys som sørgde for at skulevegen ved krysset på Slemmestad i Buskerud var trygg.

I det Auke går av sykkelen sin og kryssar den trafikkerte vegen, vert ho nedkøyrd av ein semitrailer. Men det er berre starten på det som skal bli eit utenkjeleg mareritt for tenåringsjenta.

Like bak semitraileren kjem ein personbil. Kvinna bak rattet ser ikkje den skadde jenta og fortset ferda i 60 kilometer i timen – med Auke hengande fast under bilen.

Sjåføren kjenner at ho treff noko, men trur det er ein presenning eller eit hol i vegbana.

Jenta sjølv hugsar det første smellet med traileren. Ho hugsar at ho heldt seg fast, men glapp taket for så å berre bli påkøyrt atter ein gong av bilen bak.

Hettegenseren hennar viklar seg fast i understellet på bilen, så blir alt svart, heldigvis.

(Saka held fram under biletet)

Ulukkeskrysset på Slemmestad

Skuleungar brukar dagleg den vegen der Susanne Auke vart påkøyrd og slept under ein bil i fire kilometer i 2009. Kort tid etter vart det sett opp lysregulert fotgjengarfelt i ulukkeskrysset.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Svingar og humpar

For det er både krappe svingar, holete asfalt og fartsdumpar på den over fire kilometer lange ruta frå krysset og fram til huset der sjåføren parkerer.

Først når kvinna går ut av bilen i innkjørselen til huset sitt ser ho skoen til den skamferte jenta stikka fram frå undersida av bilen. Så kjem redninga.

Men smertehelvetet stoppa ikkje der. I fleire månader etter ulukka var Auke innlagd på sjukehus, der ho måtte gjennom den eine operasjonen etter den andre. Dei første fire vekene låg ho i koma.

(Saka held fram under biletet)

Susanne Auke

Susanne Auke (t.v.) måtte gjennom fleire månader med trening og rehabilitering før ho kunne stå og gå som normalt igjen.

Foto: Brunstad.org / Scanpix

Redda av hettegenseren

Merkene etter å ha vorte slept langs ru asfalt hadde svidd seg inn i ein tredel av hudoverflata, og fleire hudtransplantasjonar måtte til for å retta opp dei alvorlege brannskadane.

Også skadane på musklar, brusk og senar var så omfattande at Auke var avhengig av rullestol i åtte månader etter ulukka. Først i februar i fjor hadde opptreninga gjort henne sterk nok til at rullestolen kunne vrakast.

Trass i hard, ru og humpete asfalt slapp jenta mirakuløst nok frå den tragiske ulukka utan hovudskadar. Politiet trur det var måten hettegenseren vikla seg fast i understellet på, som gjorde at hovudet hennar aldri trefte den harde, nådelause asfalten.

«Det går bra, men ikkje alltid», plar Susanne seia, ifølgje faren. Denne gongen gjekk det iallefall så godt som det kunne gå.

Trykk på dei runde felta på kartet for å sjå bilete frå ulukkesruta:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ