Hopp til innhold

Melder Berserk-skipper til politiet

Norsk Polarinstitutt melder Berserk-skipper Jarle Andhøy til politiet for ulovleg ferdsel i Antarktis. Samuel Massie (18) slepp straffeforfølging.

Jarle Andhøy og Samuel Massie i Christchurch

Jarle Andhøy (t.v.) risikerer fengselsstraff etter at Norsk Polarintitutt vedtok å politimelda den ulovlege Berserk-ekspedisjonen.

Foto: Anders Magnus / Foto

Aldri før har ein norsk ekspedisjon brote meldeplikta for ferdsel i Antarktis. Det var difor knytt stor spenning til om ekspedisjonsleiar Jarle Andhøy (33) ville bli rettsforfølgd etter Berserk-seilaset der tre av besetningsmedlemmene mista livet.

Torsdag ettermiddag avgjorde Polarinstituttet at den ulovlege ferda blir ei sak for politiet. Andhøy risikerer dermed å bli straffa med fengsel i opptil eitt år eller bøter - eller begge delar.

– Eg har ikkje valt å bryte noko som helst. Eg har gjort som Amundsen og drege på tur til Sørishavet, seier Andhøy til NRK.

LES OGSÅ: Berserk-Andhøy kan få historisk fengselsstraff

Utan løyve og forsikring

Jan Gunnar Winther

Direktør ved Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther kunngjorde klokka 12 i dag at dei har meldt Jarle Andhøy til politiet.

Foto: Trygve Andreassen / NRK

Polarinstituttet viser til brot på miljøforskrifta for Antarktis, og understreker at avgjerda om å straffeforfølgja Andhøy er uavhengig av den tragiske ulukka med båten.

– Dette har vore ei vanskeleg avgjerd fordi den kjem like etter ei tragisk ulukke. Men vår vurdering av lovbrotet var klar. Dette måtte bli ei politisak, seier direktør ved Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.

Instituttet meiner ekspedisjonen braut norsk lov, fordi dei ikkje hadde fått løyve frå nasjonale styresmakter til å gjennomføra ekspedisjonen til Sørpolen. Dei hadde heller ikkje naudsynt forsikring for søk og redning.

Om det skal setjast i gang ei etterforsking av Berserk-ekspedisjonen, skal rikasdvokaten ta stilling til innan ei veke.

Jarle Andhøy seier til NRK torsdag kveld at han ikkje har fått summa seg enno.

– Tre personar er daude. Sånn sett kjem dette litt i bakevja. Men eg set stor pris på at Polarinstituttet har skåna Samuel Massie som er veldig ung, og i sjokk, seier Andøy.

Oljesøl

I tillegg har New Zealand rapportert til norske styresmakter om at Berserk-ekspedisjonen har brote reglar for forureining og aktivitet i eit verna område på to punkt. Også dette er teke med i saka.

Ifølgje Winther gjeld det eine punktet søl med drivstoff på land, nær Scott-basen i Antarktis. Punkt to dreier seg om ulovleg aktivitet i spesielt verna område.

– Dette kan vera pingsvinkoloniar, kulturminne eller sårbare vegetasjonsområde. Eg er ikkje kjend med detaljane kring dette, fortel Winther til NRK.no.

Jan-Gunnar Winther, direktør ved Norsk Polarinstitutt

Jan-Gunnar Winther ved Norsk Polarinstitutt seier avgjersla om å straffeforfølgja Jarle Andhøy er prinsipiell og viktig.

Foto: NRK

– Sjøen er for alle

I kjølvatnet av leiteoperasjonen som blei offisielt avslutta onsdag, har Berserk-ekspedisjonen fått kritikk frå fleire for å vera dumdristig og hasardiøs.

Andhøy sjølv har avvist kritikken, men har stadfesta at Berserk ikkje hadde søkt om å få sigla sør for 60. breiddegrad.

– Det er riktig at me ikkje hadde noko formelt løyve. Sjøen og naturen er for alle, me er gutta på tur, sa Andhøy for få dagar sidan.

Massie slepp med sjokket

Bergensaren Samuel Massie (18) er den einaste av mannskapet på fem som kom frå seilaset i live, utanom Andhøy.

For han får truleg ikkje turen fleire konsekvensar enn den påkjenninga det allereie har vore å mista tre nære vener.

– Me har berre meld ekspedisjonsleiaren til politet fordi han er den ansvarlege for verksemda. Om påtalemakta vil straffeforfølgja Massie også, så blir det deira sak.

Åleine om ansvaret

Nils Jørgen Vordahl

Nils Jørgen Vordahl er advokat og kontaktperson for Jarle Andhøy.

Foto: NRK

Andhøy og Massie er framleis på New Zealand, der dei sidan måndag har forklart seg om ekspedisjonen i møter med redningssentralen.

Like før avgjerda til Polarinstituttet blei offentleggjort i dag, var Jarle Andhøy i kontakt med sin advokat og kontaktperson i Noreg, Nils Jørgen Vordahl.

Det er venta at Andhøy og Massie vil få plass på eit fly heim til Noreg i løpet av veka.

– Verdssensasjon

Lars Ebbesen

Lars Ebbesen meiner saka er tragisk, men at lovbrotet må få konsekvensar.

Foto: NRK

– Dette er ein verdssensasjon og eit unikt høve for systemet til å statuera eit døme, seier den erfarne polfararen Lars Ebbesen som var ein av dei Andhøy rådførte seg med før han la ut på Sørpolen-ekspedisjonen.

Han meiner det er trist og ille at ein norsk ekspedisjon truleg blir den første i verda som vert politimeld for brot på meldeplikta i Antarktis.

– Eg veit ikkje om nokon tidlegare i historia som med viten og vilje har gjeve blaffen i dei lovane som gjeld for Antarktis. Dette er ei ripe i lakken for Noreg, og det måtte koma ein tydeleg reaksjon, seier Ebbesen.

Han viser til at newzealandske og amerikanske styresmakter følgjer denne saka med argusauge.

– Dei er lite imponerte, for å seia det mildt. Antarktistraktaten er unik og held balansen i eit ekstremt sårbart område. Her må alle spela på lag, meiner Ebbesen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ