Hopp til innhold

- Eg angrar ingenting

Inger Lise Hansen seier ho er skuffa, men ikkje overraska over at ho ikkje får ta attval som nestleiar i Kristeleg Folkeparti.

Video Inger Lise Hansen vraka som nestleiar

Ein grå dag for nestleiar i Kristeleg Folkeparti, Inger Lise Hansen.

Etter dagens møte i KrF sin valkomité, blei det klårt at Inger Lise Hansen ikkje vert innstilt som kandidat til nestleiarvervet.

Berre eitt fylkeslag støtta henne som nestleiar

– Eg er ikkje veldig overraska, men sjølvsagt er eg skuffa. Eg hadde lyst til å ta fatt på ein ny periode, og hadde håpa å få tillit til det. Men den tilliten kan eg ikkje krevja å få, seier Hansen til NRK.

Fylkeslaga fekk viljen

Den endelege innstillinga på ny partileiing er ikkje klar, men leiaren for valkomiteen, Anne Marie Jøranli, seier at dei jobbar vidare for ei samlande løysing.

– Etter ei samla vurdering har vi kome til at Inger Lise Hansen dessverre ikkje er ein del av denne løysinga, forklarar ho.

Ifølgje Jøranli har komiteen lagt stor vekt på høyringssvara i partiorganisasjonen.

Majoriteten av fylkeslaga har lenge vore negative til å ha Hansen med vidare i partileiinga, og har dermed fått gjennomslag for sitt syn i valkomiteen.

I ei undersøking gjort av Dagsavisen i november, svarte 15 av 19 fylkeslag at dei ikkje ville ha med Hansen vidare i leiartrioen. Blant dei som var skeptiske til Hansen, var fylkesleiarane i Oslo og Sør-Trøndelag KrF.

Inger Lise Hansen

- Ein må våga å ta ein politisk debatt internt i eit parti, meiner avtroppande KrF-nestleiar Inger Lise Hansen.

Foto: Gilbert, Jeff / SCANPIX

– Ikkje lojal nok

Dei la begge vekt på at partiet hadde teke skade av hennar mange soloutspel.

– Vi skal ha takhøgde i KrF, men det må vere eit tak. Ho har gått gjennom det taket, sa Oslo-leiar Haakon Brænden.

Espen Agøy Hegge, som representerer KrF i Sør-Trøndelag, meiner Hansen ikkje har oppført seg som ein nestleiar.

– Ho viser ikkje lojalitet til partiet som heilheit eller til partiet sine landsmøtevedtak, seier han.

– Angrar ingenting

Hansen sjølv seier ho var klar over kva ho risikerte med sine mange omstridde soloutspel.

– Det er alltid ein risiko å stå for det ein meiner og å kjempa for det ein trur på. For meg har det vore viktig og riktig, og eg trur det har hatt ein positiv effekt på partiet.

Ville du gjort det same i dag om du visste at du ville verta vraka som nestleiar?

– Ja, eg angrar ingenting. Det å våga å ha ein politisk debatt internt i eit parti, er naudsynt. Årsakene til at eg gjorde det eg gjorde er mange, men eg meiner det er viktig å i større grad gje rom for debatt. Det håpar eg tida framover også vil visa.

– Hadde neppe nådd opp

Komitéleiar Jøranli avviser at Hansen er for kontroversiell for KrF.

– Det har ikkje vore eit moment i valkomiteen si vurdering. Utifrå dei høyringssvara vi har fått frå fylkeslaga, er det rett og slett veldig lite sannsynleg at Hansen ville ha blitt attvald på årsmøtet.

Ifølgje Jøranli har ikkje valkomiteen bede fylkeslaga om å grunngje svara sine.

Kven som no framstår som dei heitaste kandidatane, er førebels hemmeleg.

– Eg vil ikkje gå ut med namn på noverande tidspunkt, men eg kan seie at vi er godt i gang med den endelege innstillinga, seier Jøranli.

Upopulær i begge fløyar

Video Magnus Takvam kommenterer Maria Amelie-saken

Magnus Takvam, politisk kommentator i NRK.

Foto: Nyhetsspiller

Politisk kommentator i NRK, Magnus Takvam synest ikkje det er overraskande at valkomiteen vrakar Hansen.

– Eg hadde blitt meir forundra om dei hadde innstilt ho som kandidat, ettersom den interne motstanden er såpass stor.

Takvam peiker på at KrF er delt i to fløyar, ein kristenkonservativ og ein liberal. Hansen har stått med ein fot i kvar leir, men har i seinare tid vorte utstøtt frå begge sider.

– Ho har framstått som for kontroversiell for den kristenkonservative fløyen på grunn av sine tankar om å fornya grunnleggjande verdiar i partiet. Men samstundes har utspelet om eit FrP-samarbeid gjort henne uetande også for dei liberale.

Mediestorm

Faksimile VG: Inger Lise Hansen

Faksimile VG: Inger Lise Hansen stilte opp Det Nye i kort kjole.

Foto: NRK

Hansen har vore aktiv i KrF i 12 år. Ho var leiar i KrFU frå 2005 til 2007, då ho vart vald til nestleiar i partiet. Ho fekk attval i 2009, men det siste året har det storma rundt ho.

Seinast fredag sa ho til NRK at ho ønskte å halde fram som nestleiar i partiet, og at ho meinte ho hadde mykje å by på.

– Eg trur vi har eit veldig stort potensiale til å aktualisere dei kristne verdiane, men då må vi vere meir relevante, meir opne og rause, sa ho då.

– Dyktig og modig

Dagfinn Høybråten

Avtroppande partileiar Dagfinn Høybråten med ein åtvarande finger.

Foto: Andersen, Aleksander / Scanpix
Knut Arild Hareide

Partilkollega Knut Arild Hareide har tidlegare støtta Inger Lise Hansen.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX
Nestleder i KrF, Inger Lise Hansen

– Berre framtida vil visa kva rolle eg får i politikken og i KrF etter dette, seier Inger Lise Hansen.

Foto: Lien, Kyrre / SCANPIX

Avtroppande KrF-leiar Dagfinn Høybråten har tidlegare åtvara Hansen mot å ta opp kampen for å få halde fram. Men Knut Arild Hareide, som ønskjer å bli ny KrF-leiar, støttar henne.

– Eg opplever ho som ein veldig dyktig og modig politikar, som vågar å løfte politiske debattar. Eg er ikkje samd med ho i alt, men eg set pris på at vi får dei politiske debattane, sa han til NRK i fjor vinter.

I dag seier Hareide til NTB at han ikkje trur dette er eit politisk punktum for Hansen.

– Ho er ein politisk kapasitet som partiet har bruk for, seier Hareide.

Sjølv vil ho ikkje spekulera i om ho skal halda fram som politisk aktiv i KrF etter at ho trer av som nestleiar.

– Berre framtida vil visa kva rolle eg får i politikken og i KrF etter dette, seier ho.

– Utfyller ikkje Hareide

Også NRK-kommentator Takvam rosar Hansen som politikar.

– Eg meiner ho er eit stort politisk talent - isolert sett. Ho og avtroppande partileiar Dagfinn Høybråten har vore eit par som har utfylt kvarandre.

Men no når Knut Arild Hareide tek over KrF-roret, trur ikkje Takvam at Hansen blir sett på som like komplimentær.

– Ho og Hareide er for like. Dei representerer mykje av det same, seier han.

Tre kandidatar

Mange namn vert no diskuterte. Det er ifølgje Takvam få openbare kandidatar til nestleiarverva, men han har særleg notert seg tre brennaktuelle namn:

– Mange i KrF snakkar om Syvertsen som ein dyktig, samlande og sentrumsorientert politikar som kan gjera ein god jobb i partileiinga. I tillegg er Bollestad aktuell. Ho vert rekna som litt meir verdikonservativ enn Hareide, fortel Takvam.

Etter det NRK kjenner til, har Dagrun Eriksen stor støtte i lokallaga, og får truleg fortsetja som nestleiar.

Neste møte i valkomiteen er den 30. januar.

Den endelege innstillinga av ny partileiing må vere klar seinast ein månad før landsmøtet som går av stabelen siste helga i april.

– Men vi håpar at komiteen si innstilling til ny leiartrio vil vere klar lenge før det, seier kommunikasjonssjef i KrF, Mona Høvset.

AKTUELT NÅ