Hopp til innhold

- Amelie får det verre som fredlaus i Russland

Kjærasten til Maria Amelie meiner ho må kjempa nok ein kamp for å bli anerkjend som menneske, dersom ho vert utvist til Russland.

Maria Amelie og Eivind Trædal

Eivind Trædal, kjærasten til Maria Amelie, fryktar at ho vil li ein langt verre skjebne som papirlaus i Russland.

Foto: Poppe, Cornelius / SCANPIX

Maria Amelie

Russiske Maria Amelie har opphalde seg ulovleg i Noreg dei siste åtte åra. Utlendingsnemda (UNE) har fatta vedtak om uttransportering på grunn av brot på utlendingslova, men det er framleis uvisst om ho får innreiseforbod.

Foto: Øijord, Thomas Winje / Scanpix

– Ho har ikkje pass eller andre dokument enn ein fødselsattest frå Russland. Det er skremmande og ufatteleg vondt å tenkja på at ho kan verta fredlaus også der, seier kjærasten til Maria Amelie, Eivind Trædal.

Klokka ni i dag sit russiske Amelie framleis fengsla på Trandum utlendingsinternat medan ho ventar på uttransportering til Russland. Der har ho sette i varetekt sidan ho vart arrestert av Politiets utlendingseining (PU) onsdag førre veke.

Hemmeleg avreise

PU held korta tett til brystet når det gjeld sjølve avreisa frå Noreg til Russland.

– Eg vert halden i mørket som alle andre, seier Trædal.

Korkje han eller advokaten hennar kjenner til utreisetidspunkt, men Amelie har allereie fått beskjed om å ha bagasjen sin klar til avreise.

Vener og støttespelarar var i går samla utanfor Trandum. Dei frykta at den papirlause russiske kvinna ville bli frakta ut av landet tidleg måndags morgon.

Demonstranter utenfor Trandum

Demonstrantar utanfor Trandum utlendingsinternat i AKershus, der papirlause Maria Amelie (25) sit varetektsfengsla fram til deportering.

Foto: Aas, Erlend / SCANPIX

Eit presseoppbud var i morgontimane møtt opp utanfor Trandum i tilfelle spekulasjonane skulle visa seg å stemma.

– Det skjer førebels lite. Det står ein bil på tomgang utanfor inngangsdøra, men me har framleis ikkje sett nokon koma ut av døra, fortel NRK-reporter Silje Katrine Bjarkøy.

Må ut for å koma inn

I går kveld opna statssekretær i justisdepartementet, Pål Lønseth, for moglege endringar i regelverket for arbeidsinnvandring, slik at papirlause som Amelie kan søkja om arbeidsløyve i Noreg sjølv etter ei utvising.

Men Lønseth held likevel fast på at Amelie må transporterast ut frå landet, og eventuelt søkja om arbeidsinnvandring frå Russland.

Advokat Brynjulf Risnes

Advokaten til Maria Amelie, Brynjulf Risnes.

Foto: Hans Erik Weiby / NRK

– Lite fast fisk og luftige kommentarar frå justisdepartementet, seier Amelie sin advokat Brynjulf Risnes.

Han meiner regjeringa burde ha nytta dei unntaksreglane som finst, og gjort det mogleg for Amelie å søkja arbeid frå Noreg.

Han viser til at Amelie har budd i Noreg sidan ho var 15, og at ho no har takka ja til eit konkret jobbtilbod frå Teknisk Ukeblad

Men er ikkje dette den nest beste løsyinga?

Det nest beste styresmaktene kan gjera i denne saka er å ikkje stengja den norske grensa for Amelie. Det er skrekkscenariet. Eg ser ikkje at det er kome lovnader om dette, seier Risnes.

– Illusjon

I Russland vil Amelie bli éin person av om lag ein millionar papirlause menneske.

Ifølgje NRK-korrespondent Hans-Wilhelm Steinfeldt er det fare for at Amelie vert ståande fast i ein lang, byråkratisk papirmølle-kø.

Også kjærasten til Amelie fryktar skrekkelege konsekvensar dersom ho vert nekta innreise til Noreg og overlaten til seg sjølv på russisk jord.

– Det vil vera ufatteleg uansvarleg av norske styresmakter å senda ho til Russland så lenge ho er papirlaus, seier Trædal.

Løyve, pass og visum

Amelie må først søkja om bustadløyve i Nord-Ossetia, der ho opprinneleg kjem frå. Med dette løyvet kan ho søkja om russisk innanrikspass, deretter om utanrikspass. Først når ho har utanrikspasset kan ho søkja om visum til Noreg, og alle desse søknadsprosessane kan ta lang tid.

Kjærasten Trædal har bestemt seg for å reisa etter Amelie til Russland dersom ho no vert utvist, men fryktar at situasjonen der vil verta vanskeleg.

– Det er ein illusjon å tru at norske styresmakter vil kunne hjelpa Amelie dersom ho hamnar i det russiske byråkratiske systemet.

AKTUELT NÅ