Hopp til innhold

Spania vårt nærmaste ferieland

Spania med Kanariøyane er nordmenn sitt klare førsteval når det gjeld utanlandsferie. Heile 27,3 prosent av alle som skal til utlandet skal til Spania i løpet av 2011.

Fiskerlandsbyen Arguineguín på Gran Canaria

Arguineguin på Gran Canaria er ein populær feriestad for nordmenn.

Foto: Wikipedia Commons

62 prosent av alle nordmenn har tenkt seg på ein lengre utanlandsferie i løpet av 2011, går det fram av den store ferieundersøkinga til reisebyråkjeda Berg Hansen. 24 prosent svarar at ferie alt er planlagd og bestilt. 35 prosent svarar at ferien er planlagt, men ikkje bestilt.

Barcelona

Barcelona er eit populært feriemål, og her er det mogleg å kombinere storbyferie med badeferie.

Foto: MANU FERNANDEZ / AP

36 prosent svarar at dei har tenkt seg på ein lengre utanlandsferie, men at dei enno ikkje veit kvar dei skal.

LES OGSÅ: Greier ikkje å leggje igjen jobben

Klart førsteval

Men Spania er som tidlegare år det klare førstevalet for dei som har tenkt seg utanlands i ferien. 27,3 prosent av alle som skal på utanlandsferie planlegg ein tur til anten det spanske fastlandet eller Kanariøyane i løpet av inneverande år. USA kjem på andreplass med 16,9 prosent.

Italia kjem på tredjeplass med 10,6 prosent, så kjem Frankrike med 10,4 prosent, Sverige med 10,2 prosent, Danmark med 9,9 prosent, Asia utanom Thailand 9,8 prosent, Hellas 9,5 prosent, Tyrkia 7,3 prosent, Storbritannia 6,9 prosent, Thailand 6,7 prosent og Afrika 5,6 prosent.

Så kjem Bulgaria med 2,7 prosent, Portugal 2,6 prosent, Australia 2,6 prosent og Canada med 0,8 prosent.

Charterferie

Så er det ei gruppe på 13 prosent som legg ferien sin til land som ikkje med på lista over.

30 prosent av oss har tenkt oss på charterferie i løpet av 2011, medan seks prosent vil på cruise. 24 prosent skal på bil/camping-ferie, medan 38 prosent skal feriere i hytte eller sommarhus.

Så er det ei gruppe på 42 prosent som har tenkt seg på storbyferie i løpet av 2011.

Reiselivsundersøkinga viser også at nordmenn er nostalgiske, og at gode minner frå ein ferie gjer at vi reiser tilbake. 43 prosent svarar at dei reiser tilbake til eit reisemål dei har vore til før på grunn av gode minner.

Familie og vener

35 prosent meiner det viktigaste for å reise ein stad er samværet med familie og eller vener. 22 prosent svarar at det viktigaste er å reise til ein ny stad, medan 18 prosent oppgir at partner eller barna gjerne vil dit.

Berre 14 prosent reiser til ei feriestad fordi det er staden dei drøymer om.

10 prosent svarar at dei reiser dit det er mest praktisk for heile familien.

Undersøkinga viser at hytte- og sommerhusferie er mest populært blant dei med høgast inntekt. 50 prosent av dei som har inntekt på minst ein million skal på denne typen ferie.

Også låge inntekter

Mest overraskande er det kanskje at 41 prosent av dei som har hushaldningsinntekt på under 200.000 kroner svarar at dei skal på ferie til utlandet i løpet av året..

Berre ni prosent av dei spurde reiser på storbyferie om sommaren.

Sol og varme er viktigaste kriterium for å reise på ferie i 2011, viser undersøkinga. Tid med familien kjem på andreplass og god mat og drikke kjem på tredjeplass. I fjor var god mat og drikke det viktigaste, tid med familien var på andreplass, medan sol og varme var på tredjeplass.

Dette kan nok ha noko med den kalde vinteren i 2010 å gjere.

AKTUELT NÅ