SAS reiste heim med ledige flysete

SAS fraktar heim så mange passasjerar dei kan, men har reist heim frå London med tome sete.
Foto: Lien, Kyrre/SCANPIXMedan julepanikken breia seg blant snøfaste nordmenn i London, flaug SAS heim med tomme flysete.
Publisert 22.12.2010 13:32.
- Skriv ut

Kristin Ellen Jensen, glad for å vere heime.
PrivatEtter fire dagar som snøfast i London, kom Kristin Ellen Jensen seg endeleg heim til julefeiring i Noreg.
Ho seier ho aldri har vore så glad på ei flyreise før, men reagerer på at det var ledige sete på flyet.
– Det var minst ti ledige sete på flyet vårt, seier Jensen til NRK.
SAS stadfestar at dei har vore nøydde å fly med tomme sete. Dei gir passasjerkaoset på Heathrow skulda.
– Det som skjedde, var at ingen fekk sleppe inn i terminalen utan at dei hadde sikker plass på sine fly, seier informasjonssjef Knut Morten Johansen i SAS.
Slapp ikkje inn
Dei siste dagane har det hopa seg opp med ventande passasjerar på Heathrow på grunn av eit stort snøfall i helga.

Snøveret i London har skapt store problem for flytrafikken.
Foto: ADRIAN DENNIS/Afp
SAS måtte fly heim med tome sete på grunn av at passasjerar ikkje slapp inn i terminalen, ifølgje SAS.
Foto: Kristin Ellen Jensen
SAS set inn ekstrafly og trur alle kjem heim til jul, seier inforamsjonssjef Knut Morten Johansen.
Foto: Knut Løvstuhagen/SAS , Foto: SASPassasjerar har blitt oppfordra til ikkje å reise til flyplassen før dei var sikre på at flyet deira skulle gå.
Heathrow bad folk om å halde kontakten med flyselskapet og halde seg heime fram til dei visste at flyet skulle gå.
Då flya starta å gå igjen, var det difor ikkje alle som var på plass. SAS-passasjerar som var på Heathrow, men som hadde billett til andre flygingar, kom ikkje inn i terminalen.
– Dei som gjerne ville reise, kom ikkje gjennom. Det var frustrerande sjølvsagt, sidan vi var der med fly, og hadde plass, seier Johansen i SAS.
Han seier SAS hadde sett inn større fly enn dei hadde planlagt å fly med, og at dei derfor hadde plass til fleire passasjerar enn dei som hadde billett. Det skal uansett ikkje ha handla om mange ledige sete, ifølgje Johansen.
- Les også: Gladnyhet til snøfaste nordmenn
– Dårleg kommunikasjon
Passasjer Kristin Ellen Jensen fortel at ei av dei som kom med på hennar fly, hadde sjansebillett, og at ho kom seg gjennom sikkerheitskontrollar og innsjekk på veldig kort tid.
Jensen meiner det må ha vore dårleg kommunikasjon på flyplassen, sidan SAS ikkje klarte å fylle dei tome setene.
– Kvinna eg snakka med, kom til flyplassen 45 minutt før flyet skulle gå, og slapp rett gjennom. Ho sa til meg at ho aldri har blitt slusa så fort gjennom nokon stad, seier Jensen.

Passasjer Kristin Ellen Jensen meiner SAS kunne ha fått fylt opp flya om informasjonen på Heathrow var betre.
Foto: Kristin Ellen JensenNo oppfordrar SAS folk som ikkje har billett til fly om å møte opp for å kunne ta over eventuelle fleire ledige sete i dag og i morgon.
– Alle må ta kontakt. Vi aksepterer også dei som står på venteliste, seier Johansen.
Set inn to ekstrafly
Han opplyser også at alle SAS-fly vil gå som normalt frå Heathrow til Noreg frå klokka 13 i dag. I morgon vil SAS gjere ein ekstra innsats for å frakte dei siste ventande heim til Noreg.
– Vi set inn to ekstra maskiner i tillegg til vanleg trafikk i morgon kveld. Vi trur det skal vere nok til å fange opp alle saman, seier Johansen.
Han seier også at SAS vil ta med også andre snøfaste nordmenn i London.
– Vi vil først og fremst med våre eigne passasjerar, men vil også hjelpe andre om det er behov og plass, seier Johansen.

Snøfaste flypassasjerar har fått låne madrasser på Heathrow.
Foto: Kristin Ellen JensenLes
Luftfart
- 12 døde funnet ved flyvraket
- Indonesia: Alle omkom i flystyrten
- Forbrukerrådet: – Nei til flybonus
- Verdens første jetflyrute
- Norwegian med underskudd
- Syria: Diplomati på alle fronter
- Trusler mot Norwegian-fly i Aten
- Ryanair-fly stupte 6000 meter
- Sparker styret i Finnair
- Flyplasstreik i Frankfurt søndag
- Norske piloter frykter flyulykker
SAS Norge
- Giske: – Jeg er bekymret for SAS
- Kveldsfyll forsinket morgenfly
- Fly påkjørt av bil på Kastrup
- SAS kjøper 30 nye Airbus-fly
- SAS tapte 1/2 milliard
- Venter 1/2 milliard i minus for SAS
- Flere fly undersøkes for sprekker
- Milliardtap for SAS i 2010
- Alle SAS-fly sto på grunn av feil
- SAS og Norwegian øker prisene
- Norwegian auka mest i Europa i fjor
Storbritannia
- Det britiske imperiet smuldrer opp
- Kongeparet feirer Elizabeth II
- Norge leier helikopter fra England
- Derby i sjokk etter dødsbrann
- Kvinne arrestert etter dødsbrann
- Alle berga då helikopter naudlanda
- Prominent vêr-meldar på BBC
- Politiet marsjerte i Londons gater
- 1500 høyreekstreme i demonstrasjon
- Boris Johnson gjenvalgt i London
- Manner opp til EDL-aksjon
Innenriks
Sp-statsråd er forbannet på SSB - Vil ikke myke opp egenkapitalen
- Kommentar: Det nye vi
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- E18 stengt etter ulykke
- Breivik poserte for politiet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Kunne ikke tro at én mann sto bak
- Varsler kaos i flytrafikken
- Nekter kringkasting av politivitner
- Unio trapper opp streiken
- Han sette handjerna på Breivik
- Lurer på hvorfor politiet ikke dro
- Lange køer på E18
- – Søppelet skader byens image
- Gunnar Sønstebys bisettelse
- Første politi på landsiden vitnet
Neste sending: Dagsnytt
Nettradio
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 22:00)
- Dagsnytt atten (25.05.12 18:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 00:00)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/dagsnytt.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Nett-TV
Kontakt
E-post: nyheter@nrk.no
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

