Hopp til innhold

Busch habil i Treholt-saka

Justisdepartementet vurderer riksadvokat Tor-Aksel Busch som habil i den vidare behandlinga av Treholt-saka, opplyser justisminister Knut Storberget.

Video Justisminister Knut Storeide om Busch

VIDEO: Sjå Knut Storberget si grunngjeving.

Harald Stabell

Harald Stabell er advokaten til Arne Treholt.

Foto: NRK

- Regjeringa kan ikkje sjå at det ligg føre særlege forhold som er eigna til å svekkje tilliten til Riksadvokatens habilitet, heiter det i grunngjevinga frå deparptementet.

- Feilaktig avgjerd

Harald Stabell kaller avgjerda for feilaktig, men trur likevel ikkje at det vil få følgjer for saka.

- Det er så grundig og overtydande materiale for at det var falske bevis at det ikkje vil spele noko rolle kven som er påtaleansvarleg under behandlingane vidare, seier Stabell til NTB.

Han seier likevel at spørsmålet om habiltet er viktig, og at det har med publikum sin tillit til rettssystemet å gjere.

- Prosessen skal gå rett føre seg, og dei som er deltakarar skal vere habile. Det meiner vi Busch og Qvigstad ikkje er, seier Stabell.

- Perifer partsrolle

Tor-Aksel Busch

Tor Aksel Busch er erklært habil av Justisdepartementet.

Foto: Sigurdsøn, Bjørn / SCANPIX

Det blir lagt vekt på Riksadvokaten si perifere partsolle i gjenopptakingssaka. Samstundes blir det ikkje utelukka at spørsmålet om habilitet på nytt på ein seinare tidspunkt, avhengig av undersøkingane til gjenopptakingskommisjonen, seier justisminister Knut Storberget.

21. september i år leverte advokaten til Arne Treholt, Harald Stabell eit formelt krav om at både Tor-Aksel Busch og Lasse Qvigstad skal erklærast inhabile i den vidare behandlinga av saka.

LES OGSÅ: Treholt-spaner sentral i overvåkingsgruppen

LES OGSÅ: Dette er Treholt-saken

I kravet frå Stabell vart det blant anna kravd at Busch og Qvigstad ikkje skal få behandle nye opplysningar i Treholt saka. Klagen viser til straffeprosesslova sin paragraf 60 og 61, som blant anna seier at dersom ein tenestemann er inhabil, er også hans underordna inhabile

Justisdepartementet har ikkje vurdert Qvigstads habilitet, fordi det blir Busch si oppgåve, no når han er vurdert habil.

LES OGSÅ: Britiske eksperter støtter Treholt

LES OGSÅ: Ørnulf Tofte har forklart seg

- Forfalska bevis

Arne Treholt

Arne Treholt vart dømd til 20 års fengsel for spionasje i 1985.

Foto: Birger Kolsrud Jåsund / NRK

Treholt-saka fekk ny aktualitet i september i år. Då kom boka «Forfalskningen» av Geir Selvik Malthe-Sørensen og Kjetil Bortelid Mæland ut. Her blir det hevda at avgjerande biletbevis i straffesaka mot Terholt var manipulerte av politiet.

Ein tidlegare tilsett i Politiets Overvåkningsteneste POT sa at eit bilete av kofferten, med ein større pengesum i, er teke på politistasjonen etter at Treholt var pågripen.

Litt seinare seier ei ny POT-kjelde at bevis mot Treholt var forfalska. Han sa seg viljug til å forklare seg for Gjenopptakingskommisjonen. Kjelda fortel om ulovleg overvaking av Treholt og familien hans.

Eit par dagar seinare sa eigaren av ein fotobutikk i Oslo at overvakingspolitiet bad han om å manipulere eit bilete av Treholt, slik at Treholt figurerte saman med KGBs toppsjef i Norge.

LES OGSÅ: Overvåkerne holdes hemmelig for norsk politi

LES OGSÅ: - Politiet informert flere ganger

LES OGSÅ: UD fikk navneliste fra USAs ambassade i mai

LES OGSÅ: Treholt-spaner sentral i overvåkingsgruppen

AKTUELT NÅ