Hopp til innhold

Lommemannen skuldig på alle punkt

Den tiltalte i lommemannen-saka er i Borgarting lagmannsrett funnen skuldig på alle punkt.

Lommemannen

Erik Andersen er dømd på alle punkt i ankesaka i lagmannsretten.

Foto: Politiet

Juryen meiner tiltalte Erik Andersen er skuldig i valdtekt i eitt av tilfella han vart frifunnen for i tingretten.

I tingretten vart den 58 år gamle mannen dømd for overgrep mot alle dei 66 offera frå tiltalen. To av punkta i tiltalen gjaldt valdtekt. Han vart dømd for valdtekt av ein gut, og frifunnen for valdtekt av ein annan. Han vart likevel dømd for å ha hatt seksuell omgang med den same guten.

LES OGSÅ: - Fare for nye overgrep

LES OGSÅ: - Dette var ein streng dom

Delar av denne dommen vart anka. Det er skuldspørsmålet rundt desse forholda lagmannsretten i dag har sagt sitt om.

Juryen trekte seg tilbake like før kloka 10.30 i dag for å vurdere skuldspørsmålet, og avgjerda var klar like etter kl. 15.

Avgjerda til lagmannsretten kunne setjast til side av fagdommarane, men dei gjorde det etter kort tid klart at dommen blir ståande.

Straffeutmålinga i ankesaka blir klar 16. desember.

Erik Andersen vart pågrien og sikta i saka 11. januar 2008. Då hadde politiet etterforska fleire overgrep mot mindreårige gutar over heile Sør-Noreg i fleire år.

Tiltalen kom hausten 2009 og omfatta totalt 74 forhold, av dei 68 seksuelle overgrep, frå valdtekt til forsøk på seksuell omrgang med 66 unge gutar. Opp mot 160 saker er etterforska, men mange måtte leggjast bort på grun av foreldingsfristen.

LES OGSÅ: – Dette er ikke en streng straff

LES OGSÅ: Ny forsvarer i lommemannsaka

LES OGSÅ: - Glad alle får erstatning

AKTUELT NÅ