Hopp til innhold

- Aldri konkurranse om kampflykjøp

– Sverige var aldri med i konkurransen om å få selja jagarfly til Noreg, meiner ein forsvarsanalytikar.

John Berg / F-35 (montasje)

Forsvarsanalytikar John Berg seier Noreg heldt Sverige for narr i kampflysaka.

Foto: NRK / Lockheed Martin (montasje)

Forsvarsanalytikar John Berg meiner det aldri var aktuelt for Noreg å kjøpa kampfly frå Sverige, trass i at det var Sverige og USA som blei trekte fram som hovudkonkurrentane i kampen om å fornya det norske luftforsvaret sin kampflyflåte.

– Det var ingen reell konkurranse, seier John Berg til NRK.

Ny WikiLeaks-avsløring

I eit WikiLeaks-dokument sitert av svenske Aftonbladet, kjem det fram at Sverige blei rundlurt av både Noreg og USA i kampen om ein kampflyavtale verd 55 milliardar kroner.

I prosessen med å finna ein erstattar av dagens F-16 flåte, stod kampen mellom det svenske jagarflyet «Jas Gripen» og det amerikanske «F-35 Joint Strike Fighter.»

Dei hemmelege amerikanske diplomatrapportane som varslarnettstaden WikiLeaks har offentleggjort, viser derimot at Noreg gav USA tydelege signal om at dei skulle få milliardkontrakten før prosessen var fullført.

– Sverige var sjanselause i det skitne spelet, skrivAftonbladet i dag.

– Vil kosta nordmenn dyrt

Valet av amerikanske F-35 framfor konkurrenten, svenske Jas, vil ifølgje Berg kosta norske skattebetalarar 100 milliardar kroner meir.

– Det er heller ikkje riktig at det amerikanske flyet framstod som billegast. Det var derimot dobbelt så dyrt som det svenske, seier forsvarsanalytikaren.

Berg vil no ha ei gransking av heile prosessen.

– Dette har vore eit spel, som fram til 2050 vil kosta over hundre millardar kroner meir enn nødvendig. Sånt kan rett og slett ikkje passera, meiner Berg.

Lovnader frå statssekretæren

Espen Barth Eide

Statssekretær Espen Barth Eide avviser at USA blei lova kampflykontrakten medan prosessen framleis pågjekk.

Foto: NRK

Det var i november 2008 at regjeringa kunngjorde avgjersla om at dei 48 nye jagarflya skulle kjøpast frå amerikanarane.

Statssekretær Espen Barth Eide sat tett på kampflysaka.

Ifølgje svenske Aftonbladet hadde Eide den 23. oktober 2008 eit møte med den amerikanske generalen Roger Brady. Samtalen vert i den hemlige rapporten skildra som «oppriktig».

I same rapporten står det at Eide «privat har gjeve alle signal om at Noreg kjem til å velja F-35»

Avviser signalisering

Statssekretæren sjølv avviser dette. Han seier det absolutt ikkje blei lova ut kontraktar på førehand, korkje til amerikanarar eller til svenskar.

– Tilfellet var at me hadde ein klar og tydeleg og forutsigbar prosess. Me gav ingen part noko signal på førehand om korleis prosessen ville enda.

AKTUELT NÅ