Hopp til innhold

Jaktar barnefar etter trippeldrap

Politiet har slått full drapsalarm etter at ei kvinne, eit spedbarn og ei jente på ni år er funne døde i Oslo og Akershus onsdag. Ein mann er etterlyst.

Mistenkelege dødsfall på Mortensrud

Politet har opna drapsetterforsking etter at ei kvinne og eit born blei funne døde i ein bustad på Mortensrud i Oslo onsdag ettermiddag.

Foto: Martin Roalsø / NRK

Politiet tok onsdag ettermiddag seg inn i ein bustad på Mortensrud i Oslo og fann ei kvinne og eit 14 dagar gammalt spedbarn døde.

Eit likfunn i Gjersjøen i Oppegård tidlegare i dag vert sett i samanheng med drapssaka i Oslo. Den 9 år gamle jenta som blei funnen død i vatnet, er eldste dotter i familien på fem.

Politiet etterlyser ektemannen til spedbarnsmora og hans sju år gamle dotter.

– Me vonar at ho er i live, seier Hanne Kristin Rohde, politiinspektør ved Vold- og sedelighetsseksjonen på ein pressekonferanse onsdag kveld.

Fekk bekymringsmelding

– Me fekk i natt ei bekymringsmelding til frå pårørande til ein familie på Mortensrud. Ingen hadde hatt kontakt med denne familien sidan klokka 14 i går ettermiddag, opplyser Rohde i politiet.

Politiet tok seg inn i leiligheita i 16-tida i ettermiddag, då dei ikkje kom i kontakt med familien.

16.15 ble det funne to personar i leiliheita, ei mor og eitt spedbarn. Begge var døde då politiet kom til staden.

Fryktar familiedrap

Ektemannen og hans to døtre på 7 og 9 år var ikkje i leiligheita då politiet kom. Dottera på 9 år blei seinare funnen livlaus i Gjersjøen i Oppegård.

Likfunnet i Gjersjøen vert difor sett i samanheng med drapssaka i Oslo.

Politiet jakter no på ektemannen og dottera på 7 år.

Ektemannen blei i ettermiddag sikta for forsetteleg drap, og har gått ut med bilete og namn på mannen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ