Hopp til innhold

Varslar strengare reglar for partias pengebruk

Regjeringa varslar eit strengare regelverk som pålegg dei politiske partia å gjere greie for kva dei brukar pengane på.

Rigmor Aasrud

Rigmor Aasrud varslar strengare regelverk om innrapportering av dei politiske partias pengebruk.

Foto: Thor Thrane / nrk

I det siste har debatten gått høgt om korleis Senterpartiet brukte pengar som dei fekk i støtte frå eit kraftselskap, og om pengane utgjer eit habilitets-problem.

Norske parti offentleggjer i dag kven dei får gåver frå, men Europarådet har kritisert Noreg fordi vi ikkje stiller krav til partia og partilaga om å offentleggjere korleis pengane blir brukt.

På den måten er det vanskeleg å avsløre økonomiske bindingar mellom gjevar og parti.

– Skal vere offentlege

No seier fornyingsminister Rigmor Aasrud at regjeringa vil følgje opp kritikken. Ho varslar eit strengare regelverk for dei politiske partia.

– Både inntekter og utgifter skal vere offentlege. Eg vil óg foreslå endringar som går på å innrapportere valkampbidrag. I dag kan det gå ganske lang tid før me får innrapportert valkampbidrag, og me ser for oss at det skal gå meir løpande, seier Aasrud til NRK.

– Reduserer korrupsjonsfaren

Etter det NRK forstår ligg det an til at fylkeslag og større lokallag må føre temmeleg detaljerte oversikter over kva dei brukar pengar på. Og partia kan trulig bli utsett for ein ganske grundig kontroll.

Målet med eit endra regelverk er å redusere faren for politisk korrupsjon, fortel Aasrud.

– Eg trur det er viktig at vi har eit system i Noreg der det er tillit til at vi har god innsikt i dei partifinansieringssystema som finst.

AKTUELT NÅ