Hopp til innhold

Mindreårig innrømmer overgrep mot åtteåring

Ein mindreårig gut innrømmer at han stod bak det seksuelle overgrepet mot ein åtteåring i Oslo.

Politiinspektør Hanne Kristin Rohde

Politiinspektør Hanne Kristin Rohde kallar dette ei spesiell sak.

Skøyen skole

Ein åtte år gamal gut vart tysdag ettermiddag utsett for overgrep ved Skøyen skole i Oslo.

Foto: Ole Berg-Rusten / Scanpix

– Ein mindreårig gut er henta inn til avhøyr. Han har vedgått overgrep på åtteåringen, opplyser politiinspektør Hanne Kristin Rohde, leiar ved vald- og sedelegheitsavsnittet i Oslo politidistrikt.

Ho kallar dette ei spesiell sak, og omtalar overgrepet som alvorleg.

Guten vart henta inn av politiet etter at han vart observert av fleire vitne på området utanfor skuleområdet tysdag.

Guten vart avhøyrt på barnehuset i Oslo, der han vedgjekk overgrepet. Saka blir sett på som oppklart og vil bli sendt vidare til barnevernet.

Politiet kontakt av skulen

Oslo-politiet starta etterforsking etter at ein åtte år gamal elev ved Skøyen skole vart utsett for eit alvorleg overgrep tysdag 31. august.

Les: Mulig overgrep på elev

Overgrepet skal etter det NRK kjenner til ha skjedd bak skulebygget, der guten hadde klasserom. Politiet vart kontakta av tilsette på skulen, då dei fekk vite kva som hadde skjedd.

Alle foreldre med barn på skulen vart oppringde tysdag kveld med beskjed om å følgje barna til skulen.

Les: Advarer foreldre etter voldtekt av gutt (8)

Ikkje knytt til andre saker

Rektor ved Skøyen skole, Anne Helga Jarnholt, skriv på nettsidene til skulen at dei har tett kontakt med politi, pedagogisk-psykologisk kriseteam, leiinga i Utdanningsetaten og foreldra til elevane på skulen.

Åtteåringen er teken hand om av helsepersonell og er saman med foreldra.

Oslo-politiet har sagt at dei ikkje set denne saka i samband med fleire tilfelle der ein mann har krenka skulejenter andre stader i byen.

Les: Flere jenter kan ha blitt antastet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

AKTUELT NÅ