Hopp til innhold

Streiken i byggjenæringa er over

Streiken i byggfaga er over, etter at partane godtok eit forslag til løysing frå meklar Merete Smith.

Frå venstre Anders Skattkjær, Merete Smith og Ketil Lyng.

Frå venstre Anders Skattkjær frå Fellesforbundet, meklingsmann Merete Smith og Ketil Lyng frå Byggenæringens Landsforening.

Foto: Lien, Kyrre / Scanpix

Forhandlingsleiarane frå Fellesforbundet og Byggenæringens Landsforening møttest kl. 13 på Riksmeklingemannens kontor. På dette møtet aksepterte partane forslaget som meklingsmann Merete Smith la fram.

Rundt 19.000 bygningsarbeidarar har vore i streik sidan tysdag 13. april. Det var usemje om heving av mistenlønnssatsene som var hovudårsaka til at det blei brot i meklinga.

Slik starta streiken:

Fellesforbundet seier seg godt nøgd med den nye avtalen.

- Vi har streika ifire dagar fordi det ikkje låg føre ei heilskapleg løysing som delegasjonen kunne gå inn for. I Riksmeklingsmannen sitt forslag ligg det no inne ein betydeleg auke av minstelønnssatsane for innevarand år, pluss ein avtalt auke for mellomoppgjeret neste år, seier forhandlingsleiar for Fellesforbundet, Anders Skattkjær.

Han legg til at det var viktig for forbundet å få inn ein regulering av minstelønnssatsane.Skattkjær seier det var avgjerande å få løfte minstelønnssatsane , spesielt i forhold til medlemene innan ISO-faga, isolering, stillas og overflatebehandling.

- Det er også gitt eit godt påslag på akkordtariffane, og det er gitt ei viktig presisering av kva som er grunnlaget for justering av akkordtariffane framover, seier han.

Forslaget går no til uravrøysting 28. april, same dag som for frontfaga.

AKTUELT NÅ