Hopp til innhold

Flest skredulukker i godt ver

Dei fleste som misser livet i snøskred gjer det ikkje når skredfaren er størst, men når faren er moderat og det er fine forhold for skiturar, opplyser Noregs geofysiske institutt NGI.

Skred, Kirketaket

Ingen vart skadd i skredet som gjekk ved Kirketaket i Rauma sist helg.

Foto: Staffan Nilsson

Kjell T. Brattlien i NGI

Kjetil Brattlien er skredekspert i Noregs geotekniske instistutt.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

Les også:

I går omkom i ein mann i 30-åra i eit ras ved Durmålstinden på Kvaløya i Troms. Den kvinnelege turkameraten hans er kritisk skadd.

LES OGSÅ: Døde etter snøskred

Skredvarsel for resten av påska: Norges geotekniske institutt

Dei fleste som misser livet i snøskred gjer det når det er realtivt ustabilt, og når det er godt ver og innbydande skiforhold, slik det er i Nord-Noreg no.

– Derfor skjedde denne ulukka, og derfor trur eg det blir fleire slike skredulukker i påska, seier skredekspert i NGI, Kjetil Brattlien.

Han kan fortelje at skredfaren blir inndelt i fem grader, der grad 1 er liten fare og grad 5 er ekstrem skredfare.

Dei fleste ulukkene skjer ved skredfare 2 og 3.

– Ved skredfare 4 og 5 er det ustabile forhold, det er dårleg ver, det går mange skred og det er opplagt at det er farleg. Og dei fleste held seg unna fare i slike situasjonar, seier Brattlien.

LES OGSÅ: Slik mestrer du skredfaren

SJÅ OGSÅ: Skredekspertens videoer

SJÅ OGSÅ: Se så lett det går skred

Video Snø-sprekk

VIDEO: Se hvordan hele snødekket sprekker opp når skiløperen går over jordet.

AKTUELT NÅ