Hopp til innhold

Hardanger-kraftlinje kan bli utsett

Om ikkje olje- og energiministeren seier ja til ei omstridd kraftlinje i Hardanger før påske, blir utbygginga utsett i minst eitt år.

Folkeaksjonen Bevar Hardanger kjemper mot Statnetts ønskede kraftlinje

Slik fryktar Folkeaksjonen for Hardanger at fjorden skal sjå ut om ei kraftlinje blir bygd.

Foto: Folkeaksjonen Bevar Hardanger AS

Energi Norge fryktar at bergensregionen kan bli eit nytt Midt-Noreg, med mangel på straum og høge prisar, om ikkje regjeringa viser handlekraft. Olje- og energiminister Terje Riis Johansen (Ap) må seie ja til kraftlinja innan påske, om ikkje bygginga skal bli utsett til hausten 2013.

Det er for lenge å vente, meiner kommunikasjonsdirektør Kristian Pladsen i Energi Norge.

Nytt Midt-Noreg

- Den forsyningssituasjonen vi ser no, med skyhøge straumprisar, er heilt uakseptabel. Sjølv om situasjonen er spesielt ille i Midt-Noreg, så ser vi at det er på rask veg til å bli kritisk også i bergensområdet, seier han til NRK.

Det er snart to år sidan Statnett fekk konsesjon frå Norges Vassdrags- og energidirektorat til å byggje ei høgspentlinje mellom Sima og Samnanger. Men det er stor motstand mot denne linja, både lokalt og frå Norges Turistforening, fordi høge master vil bli synlege i deler av Hardangerfjorden.

Vil vente tre år

Turistforeininga ønskjer å utsette avgjerda om utbygging i minst tre år. Men verken Statnett, Energi Norge eller Norsk Industri ønskjer ei utsetting.

- Vi er avhengige av ei rask avgjerd for å kunne bruke komande sommar til å starte anleggsarbeidet, seier kommunikasjonsdirektør i Statnett Tor Inge Akselsen.

- Eit av trekka ved situasjonen som vi ikkje likar, er at vi i stadig lengre periodar, i år etter år, ikkje vil kunne tole feil fordi enten heile eller deler av området blir mørklagt, seier han.

Olje- og energidepartementet vil ikkje seie noko om når avgjerda blir gjort.

AKTUELT NÅ