Kval-krigen held fram i Sørishavet
VIDEO: Sjå den dramatiske kollisjonen.
Sea Sheperd seier at ein av båtane deira, «Bob Barker» er pårent av ei japansk kvalfangsskute i den australske delen av Antarktis, i den andre konfrontasjonen på kort tid.
Publisert 06.02.2010 10:42. Oppdatert 06.02.2010 15:08.
- Skriv ut
Det var i natt norsk tid at skipet til kvalfangstmotstandaren Paul Watson og organisasjonen hans Sea Sheperd var i dramatisk nærkontakt med ein japansk kvalfangar, under ein månad etter at ein «Sea Sheperd»-båt gjekk tapt i same området.
Vil hindre kvalfangsten
Ein talsmann for det japanske fiskeridepartementet seier dei arbeider med å hente inn opplysningar om det som har skjedd. Kvalfangarane har ikkje kommentert hendinga.
Også newzealandske og australske styresmakter arbeider for å finne ut kva som har skjedd.
Sea Sheperd-aktivistane prøver å hindre den japanske kvalfangsten i Sørishavet. Dei legg ut blant anna tau i sjøen for å ramme propellane til dei japanske kvalfangstskipa. Aktivistane har også kasta stinkbomber mot kvalfangarane, og forholdet mellom partane er svært spent.
Kvalfangarane har svart med å bruke vasskanonar mot Sea Sheperd, og dei har også prøvd å sende ut lydbølgjer i sjøen for å vanskeleggjere navigeringa.
Held fram kampen

Paul Watson meiner styresmaktene i Australia og New Zealand må handheve internasjonal rett i kvalfangstområdet.
Foto: Sea Shepherd Conservation Society/APIngen vart skadd i samanstøyten, men det vart gjort ein del skade på eine sida av «Bob Barker». Skipet er framleis operativt, og mannskapet om bord lovar å halde fram kampen mot kvalfangsskipet "Nisshin Maru" og andre kvalfangarar i området.
Paul Watson sjølv har kommandoen om bord på ein anna Sea Sheperd-båt, «Steve Irvin», og han kan fortelje at dei er på veg til same området som «Bob Barker» for å delta i kampen.
- Etter at kvalfangarane senkte «Andy Gil», trur dei tydelegvis at dei kan tillate seg kva som helst. Og det ser ikkje ut til at dei ikkje er redde for å skade folk frå Sea Sheperd. No må styresmaktene i Australia og på New Zealand handheve internasjonal rett i dette området, seier ein rasande Sea Sheperd-leiar, Paul Watson.
Superskip ute av spel
Det som vart kalla superskipet til Sea Sheperd, «Andy Gil», vart ifølgje organisasjonen rent i senk av ein japansk kvalfangar 8. januar i år.
Watson seier at japanske kvalfangarar er langt meir aggressive denne sesongen enn dei har vore tidlegare år. Senkinga av «Andy Gil»er den mest alvorlege samanstøyten mellom kvalfangarar og Sea Sheperd hittil.

'Bob Barker' vart påført ein del skade på eine sida.
Foto: Lincoln Sharw, Sea Sheperd
LES OGSÅ: Norsk hvalfangst råtner på rot
LES OGSÅ: Paul Watson skutt av hvalfangere
LES OGSÅ: Bastesen vil ha biokott av kartprodusent
VIDEO om Sea Sheperds superskip 'Andy Gil'.
Les
Lenker
Hvalfangst
- Ny arrestordre på Paul Watson
- Sea Sheperd vant årets «hvalkrig»
- Klart for «hvalkrig» i Antarktis
- Japan i ny feide om hvalfangst
- Bittert hvalfangst-møte
- Japan innstiller hvalfangst
- Hvalfangsmotstander dømt i Japan
- Ber Norge slutte med hvalfangst
- Kval-krigen held fram i Sørishavet
- Kritisert for subsidiert hvalfangst
- Hemmelig møte om hvalfangst
Innenriks
Flere svenske byer rammet av uro - Kreftpasient døde av legionella
- Flomskader for nær 170 millioner
- Mann alvorlig skadd i knivstikking
- Strid om sykelønn i Frp
- Død person funnet i Porsgrunn
- Arne Johannessen går av
- - Byråkratiet sinker flomsikring
- Venter fortsatt på flomerstatning
- Hevder media mobber Frp
- Flere store eksplosjoner i Kabul
- Vil fengsle kamerater for drap
- Siv Jensen står på krava
- Store innsjøer fortsetter å stige
- – Autobahn fra nord til sør i Norge
- Stadig færre peker på Siv
- – Opptøyer lite sannsynlig i Oslo
- E6 gjenåpnet gjennom Gudbrandsdalen
- Faren avblåst etter «granat»-funn

