Hopp til innhold

Zola-prisen til Amal Aden

Zola-prisen for 2010 er tildelt Amal Aden, som flykta frå Somaila til Noreg i 1996.

Amal Aden kom til Noreg frå Somalia i 1996.

Amal Aden er tildelt Zola-prisen for 2010.

Foto: Terje Bendiksby / Scanpix

Dei siste åra har ho gitt ut tre bøker på norsk, og engasjert seg sterkt i debatten rundt norsk innvandringspolitikk.

Det er Foreningen til fremme av sivilt mot som deler ut Zola-prisen kvart år. Prisen går til enkeltpersonar som uredd har kjempa for menneskeverd, demokrati og rettstryggleik.

Amal Aden får prisen ved ei tilstelling i Nobelinstituttet i Oslo i kveld.

Leiar i Foreningen til fremme av sivilt mot, Ingjald Sørbeck Sørheim, seier at Amal Aden får prisen fordi ho har kritisert norsk innvandrings- og integreringspolitikk på ein konstruktiv måte, og fordi ho uredd har refsa innvandrarmiljø som ikkje respekterer grunnleggjande verdiar som demokrati, likestilling og rettstryggleik.

- Med stort mot har ho vore open om sine eigne erfaringar, og har på den måten gitt ei stemme til alle som i det skjulte blir utsette for grove overgrep i namnet til religionen og kulturen, seier Sørheim.

Blant tidlegare vinnarar er Kadra Nor, Gunnar Stålsett, Per Yngve Monsen og Erling Borgen, som fekk prisen i fjor.

Zola-prisen vart første gong delt ut i 1999, då Magnuns Hole Jacobsen fekk prisen for å ha avslørt lovstridig overvaking av tilsette i Norsk Hydro.

Nettsida til Amal Aden

AKTUELT NÅ