Hopp til innhold

Bondevik fekk for mykje pensjon

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik er ein av fleire toppolitikarar som har fått for mykje i stortingspensjon.

Kjell Magne Bondevik
Foto: Marie Melgård / NRK

Til saman har mist fem tidlegare politikarar fått for mykje utbetalt, skriv Dagsavisen

Politikarane fekk i åra frå 1998 til 2008 utbetalt til saman 5,7 millionar kroner for mykje i pensjon.

Betalte tilbake

Bondevik innrømmer at han har fått for mykje, men at han betalt tilbake pengane.

I eit brev opplyser at han ikkje hadde rett på utbetalingane han fekk i andre halvdel av 2006, då han auka stillingsprosenten frå 20 til 100 i Oslosenteret for fred og menneskerettar.

Dei fem politikarane som er avslørt er:

  • Thorbjørn Berntsen frå Arbeidarpartiet
  • Erik Dalheim, finanspolitikar frå Arbeidarpartiet
  • Magnus Stangeland frå Senterpartiet
  • Kjell Magne Bondevik frå Kristeleg Folkeparti
  • Anders Talleraas, tidlegare parlamentarisk leiar for Høgre

Redd det gjeld fleire

Leiar i pensjonsstyret Sigvald Oppebøen Hansen fryktar at det gjeld fleire.

- Eg har bede administrasjonen gå gjennom alle personar som får førtidspensjon frå Stortinget. Det er ein no i full gang med å gå gjennom, seier han til NRK.

Hovudregelen i ordninga for stortingspensjonistar under 65 år, er at heile pensjonsinntekta fell bort dersom inntekta overstig pensjonen.

- Det er ikkje vanskelegare enn at representanene burde kunne forstå det. Dei som vedtek lover og reglar må vere spesielt forsiktige, meiner tidlegare finansminister Sigbjørn Johnsen.

Stor belastning

Stortingspresident Torbjørn Jagland meiner at saka må få konsekvensar.

- Avsløringa må føre til endringar i systemet og betre kontroll, seier han.

Stortingsdirektør Hans Brattestå vil ikkje seie om det kan bli aktuelt med politimeldingar av ein eller fleire av dei politikarane som har fått urettmessig høg stortingspensjon.

– Denne saka er belastande for omdømmet til Stortinget, og den er særleg belastande for dei representantane dette gjeld, uttaler Brattestå til Dagsavisen.

AKTUELT NÅ