Hopp til innhold

- Hysterisk miljødebatt

- Norsk klima- og miljødebatt er prega av hysteri og fastlåste haldninger, seier fysikkprofessor. Dermed vegrar forskarar seg for å delta i klimadebatten.

CO2
Foto: FREDERIC J. BROWN / AFP

Fleire forskarar NRK har vore i kontakt med, meiner dei vert stempla som useriøse dersom det stilles kritiske spørsmål ved klimaforskningen.

Egil Lillestøl er fysikkprofessor i Cern og ved Universitetet i Bergen. Han meiner miljø- og klimadebatten er prega av ein kultur som gjer at forskarar med nye teoriar om klimaendringane kvir seg derfor for å stå fram.

- Når dei vert møtt med, ikkje berre skepsis, men fiendtlege personangrep, så er det noko som er helt hakkande galt, seier Lillestøl.

Ubehagleg å stå fram

"Frp-sympatisør", "i lomma på oljeselskapa", "blåruss" og "miljøfascist". Dette er ekspempel på merkelappar tidlegare klimadebattantar har fått på seg, og som gjer at dei har trekt seg tilbake. Dei NRK har vore i kontakt med, ønskjer ikkje å la seg intervjua. Det har blitt for ubehageleg å stilla kritiske spørsmål i klimasaka.

- Ikkje heile forklaringa

Lillestøl tviler ikkje på klimaeffekten av CO2-utslepp. Men tviler på at dette er heile forklaringa på at temperaturen stig - og havet med den. I CERN er no eit stort forskingsprosjekt i gang for å granska om større magnetisk aktivitet på sola kan vera ei tilleggsforklaring. Ein teori Lillestøl meiner har blitt latterleggjort av klimaforskarar.

AKTUELT NÅ