EU-borgarane må punge ut

Presidenten i EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, kunne onsdag endeleg leggje fram forslag til korleis EU skal kutte ein femdel av drivhusgassane innan 2020.
Foto: FRANCOIS LENOIR/SCANPIXKlimaplanen til EU vil koste kvar einaste innbyggjar 3 euro i veka, seier presidenten i EU-kommisjonen José Manuel Barroso.
Publisert 23.01.2008 12:50. Oppdatert 23.01.2008 14:35.
- Skriv ut
EU-kommisjonen vedtok den omfattande planen onsdag. Planen skal bremse den globale oppvarminga.
Alle dei 27 medlemslanda og EU-parlamentet må godkjenne klimaplanen før den trer i kraft. Forslaget frå kommisjonen skulle eigentleg ha vore lagt fram før klimamøtet på Bali før jul.
Kuttar med ein femdel
EU vil kutte utsleppa av drivhusgassar, auke bruken av fornybar energi og satse meir på biodrivstoff. Målet er å kutte drivhusgassane med 20 prosent innan 2020.
Sentralt i planen er ei oppdatering av EU sitt kvotehandelsystem for bedrifter og eit direktiv for fornybar energi.
Forslaget er ei konkretisering av dei politiske måla EU-landa vart samde om i fjor. Barrosso har på førehand sagt at han ventar kritikk for planen.
– Vi er førebudd på kritikk frå nasjonale politikarar, slik er det berre, seier han.
Kritikk frå Noreg
Kritikken let ikkje vente på seg. Klimaplanen inneber at den kraftkrevjande industrien får gratis utsleppskvotar frå 2013. Dette blir svært dårleg motteke av Gunnar Kvassheim (V) som er leiar for energi- og miljøkomiteen på Stortinget.
- Forslaget fra EU-kommisjonen om at den kraftkrevjande industrien skal få gratis utsleppskvotar bryt med prinsippet om at forureinaren skal betale, seier han.
I Noreg vart dette lagt vekt på i klimaforliket mellom opposisjonen og regjeringspartia.
- Eg legg til grunn at regjeringa fylgjer dette opp og gir uttrykk for haldninga i Noreg når klimaplanen til EU-kommisjonen blir endeleg vedteken, seier Kvassheim.
Ros frå Stoltenberg
Miljøpakka inneheld krav om kor stor grad kvart enkelt EU-land må kutte i utslepp og leggje om energiproduksjon.
Statsminister Jens Stoltenberg meiner forslaget til EU-kommisjonen viser at Europa står fram som ein leiar i internasjonal klimapolitikk.
– Forslaget til EU-kommisjonen viser at Noreg og EU har mange felles mål og interesser i den internasjonale klimapolitikken. Dette forslaget gir eit godt grunnlag for vidare samarbeid på viktige satsingsområder som kvotehandel, CO2-fangst og lagring, og fornybar energi, seier han.
Sverige tapar
EU-kommisjonen har fått kamp til døra om miljøpakka både frå medlemslanda i EU og europeisk industri. Direktivet om fornybar energi har vore kontroversielt blant EU-landa. Direktivet inneheld forplikta mål for kor mykje kvart enkelt land skal auke produksjonen av fornybar energi basert på korleis situasjonen var i 2005.
Dermed vil land som var gode på fornybar energi i 2005 få liten kreditt for arbeidet dei allereie har gjort. Det vil vere langt lettare for meir bakstreverske land å nå måla. Sverige har mykje vasskraft og har vore gode på alternativ energiproduksjon. Landet må dermed streve ekstra for å fylgje dei nye reglane.
Samtidig vert er det stilt krav om at dei rike EU-landa må gjere meir enn dei fattigaste.
(NRK-NTB)Klima og miljø
- Soldrive fly på lengste reise
- Se Island fra lufta
- Se elver fra verdensrommet
- Her er alt vannet i verden
- Solcelleskip seilte Jorda rundt
- Dinosaur-fjert kan ha varma verden
- – Trenger miljøomstilling
- – Klimamålene er urealistiske
- Regjeringen la frem klimameldingen
- Klimafondet utsatt til 2020
- Tog blant klimavinnerne
Innenriks
Gir røykfrie ansatte mer ferie - Sp-statsråd er forbannet på SSB
- Vil ikke myke opp egenkapitalen
- Kommentar: Det nye vi
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- E18 stengt etter ulykke
- Breivik poserte for politiet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Kunne ikke tro at én mann sto bak
- Varsler kaos i flytrafikken
- Nekter kringkasting av politivitner
- Unio trapper opp streiken
- Han sette handjerna på Breivik
- Lurer på hvorfor politiet ikke dro
- Lange køer på E18
- – Søppelet skader byens image
- Gunnar Sønstebys bisettelse
Neste sending: Dagsnytt
Nettradio
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 08:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 22:00)
- Dagsnytt atten (25.05.12 18:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 00:00)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/dagsnytt.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Nett-TV
Kontakt
E-post: nyheter@nrk.no
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

