Fordømmer homo-utspel

- Det er vel Tinky Winky si eiga sak om han er homofil, seier barneombod Reidar Hjermann.
Foto: TIMOTHY A. CLARY/AFPDet norske barneombodet fordømmer den polske kollegaen sin. Grunnen er at det polske barneombodet vil granske Teletubbiene for homopropaganda.
Publisert 29.05.2007 15:54.
- Skriv ut
- Dette er eit brot på menneskerettane, seier barneombod Reidar Hjermann. Han fordømmer sin polske kollega.
Det polske barneombodet mistenker nemleg barneprogrammet Teletubbies for å være homopropaganda, og vil granske det.
LES OGSÅ: - Teletubbiene er homo-propaganda
Tinky Winky
Du har sikkert sett teletubbiane boltre seg på TV-skjermen din. Dei er fire runde skikkelsar i gult, raudt, grønt og lilla, og namna er Laa laa, Poo, Dipsy og Tinky Winky.
Det er den lilla Tinky Winky som skaper kontrovers denne gongen. Han har ein liten trekant på hovudet, og går av og til går rundt med ei raud handveske. Barneombod Ewa Sowinska i Polen seier til eit polsk magasin at ho vil undersøke om serien er homo-propaganda.
- Eg syns det er heilt oppsiktsvekkande at ho i det heile tatt brukar ressursar på dette. Og det at ho faktisk uttalar seg negativt om homofile i det heile tatt er meget oppsiktsvekkande, og meir enn nok til å gi henne ei skikkeleg reprimande i vårt europeiske barneombod-nettverk, seier barneombod Reidar Hjermann.

Barneombod Reidar Hjermann.
Foto: Bendiksby, Terje/SCANPIXGår saman om å fordømme
Heile nettverket av europeiske barneombod går no saman for å kreve svar frå barneombodet i Polen, og ifølgje Hjermann vil dei skriftleg fordømme utspelet.
Dette er ikkje første gong at Tinky Winky blir stempla som homofil. I 1999 sa den avdøde amerikanske predikanten Jerry Falwell at Tinky Winky var homofil og skada ungar sin moral.
- Lilla er dei homofile sin farge, og trekanten på hovudet til Tinky Winky er eit homosymbol, meinte Falwell.
- Ikkje sett dei på homseklubbane
- Vi har ikkje sett teletubbiane på homseklubbane her i Los Angeles enno, svarte komikaren John Beaupray til BBC etter Falwell sitt utspel i 1999.
- Vi lurte også på om ein av dei andre teletubbiane var kommunist, sidan han er raud. Den raude handveska til Tinky Winky er forresten ikkje på moten, så han er neppe homo, sa Beaupray.
- Har ikkje fokus på seksualitet
I Noreg er det TV 2 som sender Teletubbies:
- Teletubbiane er eit program som rettar seg mot gruppa på 0-3 år, og har ikkje veldig fokus på seksualitet, seier Marianne Røiseland i underhaldningsavdelinga i TV 2.

Teletubbiene.
Foto: HO/AFPHo trur ikkje BBC-serien er homopropaganda. Og om så var, så er moralen i serien likevel den same, seier ho:
- Eg vil seie at det viktigaste Teletubbiane formidlar er ein bodskap om å vere grei, hyggeleg og snill med andre. Dersom ein fjernar dette fordi ein har ei pussig og illusorisk redsle for homofili, så trur eg at ein gjer veldig stor skade, seier Røiseland.
Vil forby lærarar å snakke om homofili
Barneombodet i Polen er politisk oppnemnd, og ikkje uavhengig som det norske. Ewa Sowinska tilhøyrer eit parti som tidlegare har prøvd å skjerpe abortlova og forby lærarar å snakke om homofili i skulen. Forslaget førte til krass kritikk frå EU.
- I denne regjeringskoalisjonen er det dette partiet som ligg lengst til høgre i desse spørsmåla. Dei er eit nasjonalistisk parti og vil markere seg fordi dei har undervisningsministeren. Men det går ikkje gjennom, seier Polen-ekspert Bjørn Cato Funnemark.
- I dag ville ikkje dette partiet komme inn i parlamentet om det hadde vore nyval i Polen. Det viser hovudtendensen i polsk politikk i dag, seier Funnemark.
Ole Brumm homo?
Polakkane sjølv, dei trekk på skuldrane. Ifølgje BBC har ein radiokanal hatt innringing for å finne det mest homofile barneprogrammet.
Ein lyttar hadde notert seg at Ole Brumm berre har mannlege vener.
Tidlegare leiar av Solidaritet Norge-Polen Bjørn Cato Funnemark trur utspelet er symbolsk, og at det neppe får politiske følgjer.
- Eit land som tidlegare forsøkte å forby homomarsjar og slike ting, forstår at i eit moderne, ope samfunn så er det ein normal demokratisk rett og ikkje noko politikarane skal styre. Eg trur det er hovudtendensen, seier Funnemark.
- Det er Tinky Winky si eiga sak
Barneombod Reidar Hjermann meiner Ewa Sowinska har brote menneskerettane ved å gå ut mot homofile, fordi ho diskriminerer ei heil gruppe.
- Det ho driv med er regelrett å diskriminere ei heil gruppe på grunn av seksuell legning, seier Hjermann.
- Så det spelar inga rolle om denne figuren er homofil?
- Det spelar absolutt inga rolle, det er vel Tinky Winky si eiga sak, seier Hjermann.
Barneombodet Ewa Sowinska seier ifølgje BBC at ho ikkje trur Teletubbies skader polske barn, men at evalueringa held fram.
(NRK)Barneombudet
- - Et barn er skutt med gevær
- - Lett å være etterpåklok
- - En stor personlig belastning
- - Problemfri ansettelsesprosess
- - Tragisk, tuklete såpeopera
- - Tuklete barneombud-prosess
- Huitfeldt inhabil
- Hjermann kan gjøre comeback
- - Ville ikke ofre Kraby
- Ryel hevder Ramin-Osmundsen løy
- Huitfeldt vil ha nye søkere
Innenriks
Amnesty ber Norge legge Syria-press - – Kan være flere lekkasjer
- USA etterlyser norske oljearvinger
- All stans forbudt bak Stortinget
- Brøset Regionale Tryggingsavdeling
- Difor må observasjonen skje på Ila
- - Forferdelege forhold i Kinshasa
- Mener bistandsadvokat lekker
- Antyder Kina-boikott av Norge
- Breivik tvangsinnlegges på Ila
- Beslaga hasj verdt syv millioner
- Flere med silikon begår selvmord
- Ringsaker-lærer må gå på dagen
- Sliter med ekstremt kattehold
- Hein Bæra lot familien se Breivik
- Breivik planla flukt med småfly
- Døde etter kollisjon i fjellvegg
- To nye siktet i Klemetsrud-drapet
- En person død i fjellveggkollisjon
- Trondheim Ap vil bytte ut Halvorsen
Neste sending: Dagsnytt
Nettradio
- Dagsnytt atten (10.02.12 18:03)
- Dagsnytt med værmelding (10.02.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (10.02.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (09.02.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (09.02.12 22:00)
- Dagsnytt atten (09.02.12 18:03)
- Dagsnytt med værmelding (09.02.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (09.02.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (08.02.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (08.02.12 22:00)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/dagsnytt.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Nett-TV
Kontakt
E-post: nyheter@nrk.no
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

