Se og Hør i Høgsterett

Big Brother-huset på Fornebu der 2001-serien blei teken opp.
Foto: Erichsen, Jarl Fr./SCANPIXKjendis-reportasjar laga av Se og Hør-journalist Håvard Melnæs står i sentrum for ei sak i Høgsterett dei neste dagane. Melnæs, som i ni år var journalist i Se og Hør, har avslørt metodane bladet brukar.
Publisert 14.03.2007 15:28. Oppdatert 14.03.2007 15:52.
- Skriv ut

Sigvart Østrem
Foto: Tom Edvindsen/NRKLandets øvste domstol skal ta stilling til ein del av den kjendis-journalistikken Melnæs var med på.
Høgsterett skal avgjera kor langt Se og Hør og andre blad kan gå i omtalen av kjendisar.
Melnæs er ein av dei to Se og Hør-journalistane som er part i saka saman sjefredaktør Odd Johan Nelvik.
Månelandings-sex
Våren 2001 gjekk den første Big Brother-serien i norsk fjernsyn. To av deltakarane, Anette Young og Rodney Karlsen, blei kjærastar og hadde sex saman i bunkersen på Fornebu, der Big Brother-serien blei tatt opp.

Tidlegare Se og Hør-journalist Håvard Melnæs som avslørte metodane til bladet.
Foto: Stian Lysberg Solum/SCANPIXSe og Hør omtalte dei to både tidt og ofte. Men eitt år etter at serien var ferdig, sa Young og Karlsen nei. Dei ville ikkje ha meir omtale.
Men det ønsket respekterte ikkje Se og Hør, i motsetning til andre blad og aviser. Big Brother-paret fekk ikkje fred.
Redaktør Nelvik har omtalt sexen i Big Brother som ei hending på linje med den første månelandinga.
Krenking av privatlivet
Sommaren 2003, altså to år etter at Big Brother-serien med Young og Karlsen var ferdig, skreiv Se og Hør tre artiklar som i hovudsak gjekk ut på at Young og Karlsen hadde gått frå kvarandre.

Programleiar Arve Juritzen saman med deltakarane i den første Big Brother-runden.
Foto: Erichsen, Jarl Fr./SCANPIXI den siste av artiklane påsto Se og Hør at Karlsen hadde fått seg ny dame, sjøl om dei to på det tidspunktet hadde protestert mot innhaldet i dei to første artiklane.
Young og Karlsen meinte artiklane var ei krenking av privatlivets fred, som er verna i § 390 i straffelova. Både tingretten og lagmannsretten gav dei medhald.
Nå skal Høgsterett behandla saka fordi Se og Hør anka dommen i Borgarting lagmannsrett.
Misbruk av ytringsfridommen?
Se og Hør har sagt at ytringsfridommen gav dei rett til å trykka dei tre artiklane.
Men dei tre dommarane i Borgarting lagmannsrett slo fast at artiklane gjeld eit område om ikkje er verna av ytringsretten. Artiklane inneheldt privatsensitive opplysningar utan allmenn interesse, sa retten.
Artiklane er ikkje viktige for samfunnsdebatten og demokratiet, slik kravet er i reglane om ytringsfridommen, slo lagmannsretten fast.
Se og Hør meinte at personar som sjøl søker publisitet, må finna seg i eit nærgåande søkelys også etter at dei ikkje er sentrale personar i kjendis-miljøet.

Se og Hørs sjefredaktør Odd Johan Nelvik hilser på Anette Young og Rodney Omvik Karlsen i Oslo tingrett i 2004.
Foto: Sigurdsøn, Bjørn/SCANPIXRettsvesenet strengare enn PFU
Det høyrer med til histora at presseorganisasjonane stilte seg bak Se og Hør i dette synet.
Pressens faglige utvalg (PFU) slo fast at reportasjane om det tidlegare Big Brother-paret ikkje var i strid med god presseskikk.
Lagmannsretten omtalte denne avgjerda som temmeleg overflatisk og tok ikkje omsyn til frikjenninga i PFU.
Det er nokså uvanleg at retten er meir kritisk til media enn PFU.
I lagmannsretten vitna generalsekretær Per Edgar Kokkvold i Norsk Presseforbund til fordel for Se og Hør.
Tre dagar i Høgsterett
Lagmannsretten sa seg einig i at personar som sjøl stiller opp for kjendis-media, har svakare rettsvern av sitt privatliv enn folk som ikkje sjøl har stilt seg fram offentleg.
Men også slike personar må etter ei tid ha lov til å sleppa å ha det offentlege søkelyset mot seg, seier lagmannsretten.
Retten la vekt på at Young og Karlsen var unge då dei var med på BB-programmet og visste lite om kva dei gav seg ut på.
Tysdag 20. mars og dei nærmaste to dagane skal Høgsterett ta stilling til kva rettsvern kjendisar har, på grunnlag av den omtalen Big Brother-paret fekk i Se og Hør.
Som i lagmannsretten er det advokat Kyrre Eggen som fører saka for Young og Karlsen. Advokat for Se og Hør er Sigurd Holter Torp. Han har overtatt denne rolla etter Cato Schiøtz, som førte saka for Se og Hør i Borgarting.
Lagmannsretten dømde Se og Hør til å betala ei oppreising på kr 265 000 kroner og sakskostnader på ca kr 500 000 for tingretten og lagmannsretten samla.
Etikk i mediene
- Murdoch-oppkjøp granskes
- – Gordon Brown ble avlyttet
- Murdoch legger ned skandaleavis
- -Pressevaktbikkja en tannløs puddel
- News of the World-saken ikke over
- - Putin er ikke noe «rovdyr»
- - Dette er rovdyrene mot pressen
- Frikjent for gullfiskdrap
- Avis nektar å avsløre metodar
- Angriper PFU etter Jespersen-dom
- Dagbladet beklager på førstesiden
Innenriks
Sp-statsråd er forbannet på SSB - Vil ikke myke opp egenkapitalen
- Kommentar: Det nye vi
- BI-lærer anklages for juks
- Nordmann blir klimatopp
- Svenn Stray er død
- E18 stengt etter ulykke
- Breivik poserte for politiet
- To hardt skadd i trafikkulykke
- Ble stående på jernbanesporet
- Kunne ikke tro at én mann sto bak
- Varsler kaos i flytrafikken
- Nekter kringkasting av politivitner
- Unio trapper opp streiken
- Han sette handjerna på Breivik
- Lurer på hvorfor politiet ikke dro
- Lange køer på E18
- – Søppelet skader byens image
- Gunnar Sønstebys bisettelse
- Første politi på landsiden vitnet
Neste sending: Dagsnytt
Nettradio
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 08:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 06:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (26.05.12 00:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 22:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 22:00)
- Dagsnytt atten (25.05.12 18:00)
- Dagsnytt med værmelding (25.05.12 00:00)
- Flere programmer
Podkast
http://podkast.nrk.no/program/dagsnytt.rss
Med podkast får du programmet som mp3-fil rett til din datamaskin!
Nett-TV
Kontakt
E-post: nyheter@nrk.no
NRK Nyheter, 0340 Oslo
Kontakt NRKs publikumsservice på telefon 815 65 900 eller på e-post info@nrk.no dersom du har tilbakemeldinger eller andre typer henvendelser.

