Hopp til innhold

Valla refsar granskarane

LO-leiar Gerd-Liv Valla trekkjer seg som LO-leiar, men rettar samstundes hard kritikk mot utvalet som har granska konflikten.

Framlegging av Fougner-rapporten
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

- Personleg kan eg leve med 9000 mediaopslag i månaden, eg kan leve med drapstruslar. Men når mine nærmaste blir ramma og når LO blir ramma, kan eg ikkje leve med det, sa Gerd-Liv Valla på ein hastig samankalla pressekonferanse i Folkets Hus i Oslo i dag.

Sekretariatet

Ein anna stad i huset sat LO-sekretariatet samla for å vurdere rapporten om Valla/Yssen-striden, som vart overlevert til sekretariatet klokka ni i dag tidleg. Utvalet, som har vore leidd av advokat Jan Fougner, kjem med svært sterk kritikk av Gerd-Liv Valla.

 

Det var ei blid Gerd-Liv Valla som møtte pressa på Folkets Hus i dag.
Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Valla har sjølv brukt føremiddagen på å lese rapporten, og har truleg konkludert med at det ikkje lenger var mogleg for henne å halde fram som LO-leiar.

Valla gjekk hardt ut mot Fougner-rapporten då ho offentleggjorde avgjerda om å gå av i dag. Ho kalla rapporten ei domsliknande gransking, utan at det, som om det var ei rettsavgjerd, var mogleg å anke.

Valla sa at det har vore spesielt tøft at dei som har stått bak rapporten har oppmoda til spreiing av sladder, og ho kalla heile granskinga for uverdig.

Ho kom også med indirekte kritikk av sekretariatet for at dei hadde nedsett eit eksternt granskingsutval.

- Skulle ha gått av før

Ho nektar framleis for å ha gjort det ho blir skulda for, og seier at ho berre angrar på ein ting i denne prosessen. Det er at ho ikkje gjekk av alt 29. januar, då det vart klart at det skulle setjast ned eit eksternt granskingsutval.

Den avtroppande LO-leiaren sa at ho ikkje kunne sjå av Fougner-utvalet sin rapport at det er ført prov for at ho har brote arbeidsmiljølova.

Ho sa også at ho er svært lei seg for å skuffe alle dei menneska som har støtta henne. Ho gjorde det også klart at ho er lei seg for at krefter utanfor fagrørsla no har greidd å slå splid internt i LO.

Gerd-Liv Valla var tilsynelatende i godt humør då ho kom til storsalen i Folkets Hus saman med tryggingsvaktene sine, men det var ikkje vanskeleg å sjå at dette var kjenslemessig tøft for henne. Fleire gonger måtte ho kjempe med tårene.

Brubyggjar

Ho byrja fråsegna si med å fortelje alt LO hadde oppnådd i dei seks åra ho har vore leiar. Ho nemnde at det er bygd bru mellom offentleg og privat sektor i organisasjonen.

Ho nemnde også kampen for betre løn i typiske kvinneyrke og kamp for AFP, kamp for likestilling mellom arbeidstakarar som arbeider skift og turnus, deltidstilsette sin rett til heiltidsjobb og kampen mot sosial dumping.

Ho vedgjekk at tida etter at Ingunn Yssen gjekk ut med sin kritikk av Valla, har vore knallhard Ho synest det har vore tøft, spesielt nemnde ho at media har hengt seg opp i smått og stort, og i all hovudsak ar hatt negativt forteikn.

Applaus i sekretariatet

Før Gerd-Liv Valla kom med si fråsegn til journalistane klokka 14 i dag, hadde ho gitt si fråsegn også til LO-sekretariatet. Ei kjelde i sekretariatet seier til NTB at medlemene reagerte med spontant applaus.

Kjeldene seier at det ho sa til sekretariatet i stor grad var likelydande med det ho sa til pressa, noko som også betyr at ho framførde hard kritikk også av medlemene i sekretariatet.

Ho kritiserte dei blant anna for å ha sett ned eit utval med eit så ope mandat at grunnleggjande rettstryggleiksprinsipp ikkje vart sikra.

 

 

AKTUELT NÅ