Hopp til innhold

Opphaldsstad for Krekar kan vere klar i neste veke

POLITIHUSET (NRK): Oslo-politiet skal finne ein opphaldsstad for mulla Krekar i neste veke. Politiet leiter etter ein eigna stad godt utanfor Oslo og andre storbyar.

Mulla Krekar

Mulla Krekar må nok finne seg i å flytte ut av hovudstaden så snart han er ute av fengsel i neste veke.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / NTB scanpix

– Vi vurderer å gi han pålegg om ein bestemt opphaldsstad og meldeplikt, fortel Audun Kristiansen, seksjonssjef i Utlendings- og forvaltningsseksjonen i Oslo politidistrikt.

Politiet vurderer no fleire stader som ligg eit godt stykke utanfor dei store byane.

– Det skal slik sett avgrense moglegheita til å drive med ulovleg åtferd, blant anna.

– Kan bli arrestert og straffa

Kristiansen seier at politiet håper å ha alt dette klart til mulla Krekar slepp ut av fengsel i neste veke, dersom det blir eit vedtak om det.

Audun Kristiansen i Oslo-politiet

Audun Kristiansen i Oslo Politidistrikt seier at dei vurderer fleire ulike område som mulla Krekar kan busettast.

Foto: Anette Holth Hansen / NRK

Regjeringa si løysing er å gi mulla Krekar meldeplikt og tvinge han til å busette seg ein stad utanfor Oslo. Krekar vil 25. januar ha sona ferdig ein dom på to år og ti månader i fengsel for truslar mot statsminister Erna Solberg og tre kurdarar.

Kva skjer dersom Krekar ikkje vil vere med på dette?

– Dersom Krekar ikkje følgjer dei reglane han vert pålagt, han kan verte arrestert og straffa, seier Kristiansen.

Kan ha internettkontakt

Krekar fekk utvisingsvedtaket for tolv år sidan, men kan ikkje sendast tilbake til Irak på grunn av ein uavklart politisk situasjon i landet. Han risikerer dødsstraff og tortur i Irak, og Noreg kan ikkje utvise han frå landet før regjeringa har fått garantiar for at dette ikkje skjer.

– Det er jo sjølvsagt avgrensingar i kor mange avgrensingar vi kan pålegge han, seier Kristiansen.

Han legg til at dei vurderer fleire restriksjonar, men at dei ikkje vil nekte han i å bruke ulike medium som folk flest har tilgang til.

Då vil det altså vere mogleg for Krekar å ha kontakt med andre på internett?

– Det skal du ikkje sjå vekk ifrå, seier Kristiansen.

AKTUELT NÅ