Hopp til innhold

Krekar-saka skaper opprør i Frp

Krekar-saka skaper sterk splid innad i Framstegspartiet. Nestleiar Per Sandberg er ikkje nøgd, og meiner regjeringa ikkje gjer nok for å få mullaen ut av landet.

Per Sandberg og Mulla Krekar

Nestleiar Per Sandberg meiner Krekar må i forvaring, slik at han ikkje kan vere eit trugsmål mot innbyggjarane i landet.

Nestleiaren i regjeringspartiet er ikkje nøgd med løysingane som statsråd Anders Anundsen (Frp) og regjeringa har lagt på bordet i Krekar-saka. Sandberg står fast på at Krekar må kastast ut av Noreg, og får støtte frå fleire partifeller.

– Eg trur ikkje dei har leita godt nok innafor handlingsrommet som finst. Det skal gjerast, seier Sandberg til NRK.

– Dagens løysing er dårleg, og eg er ikkje tilfreds med den. Dette er ikkje godt nok, seier stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde.

– Krekar må i forvaring, slik at han ikkje kan vere eit trugsmål mot innbyggjarane i landet vårt, seier stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter.

Skuffa over regjeringa

Krekar har blitt ein verkebyll for Frp. I tida før stortingsvalet var fleire toppolitikarar i Frp klare i talen: Krekar skal ut av landet, uansett, dersom dei kom til makta. I 2009 uttalte partileiar Siv Jensen at ho er villeg til å bryte menneskerettane for å få Krekar ut.

Justisminister Anders Anundsen

IKKJE UT: Justisminister Anders Anundsen (Frp) vedgår at regjeringa ikkje kan sende Krekar ut av landet - i strid med valløftet til partiet.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

No har dei moderert seg kraftig. Politikken deira i dag er å påleggje Krekar meldeplikt å tvangsbusette han utanfor hovudstaden. Justisminister Anundsen vedgår at dei ikkje kan sende Krekar tilbake til Irak, fordi landet ikkje kan garantere for livet hans.

Per Sandberg kjem med følgjande krav:

– Eg meiner både justisministeren og utanriksministeren må setje seg ned i fellesskap og å i mykje større grad gå i djupna for å finne løysingar. Det handlar først og fremst om å vurdere forvaring, men også om å prøve å få til ein utleveringsavtale slik at vi kan få han ut av landet.

Er du skuffa?

– Ja, så langt er dette eit vonbrot. Eg har full forståing for at det er stor frustrasjon i partiet, svarar Sandberg.

(Artikkelen held fram under biletet)

christian tybring-gjedde

IKKJE NØGD: Stortingsrepresentant Christian Tybring-Gjedde seier regjeringa har funne ei dårleg løysing i Krekar-saka.

Foto: Siv Sandvik / NRK

– Høgre må også på bana

Christian Tybring-Gjedde, medlem av Utanriks- og forsvarskomiteen på Stortinget, meiner regjeringa må halde løftet om å kaste mullaen ut av Noreg:

– Det som er viktig er å få han ut av landet, men no har regjeringa rota seg inn i problemstillingar som dei vil få vanskar med å kome seg ut av, seier Tybring-Gjedde til NRK.

Han meiner, på lik linje med Sandberg, at utanriksministeren og justisministeren må setje seg saman for å finne ei betre løysing.

– Det er på tide at Høgre og Børge Brende også byrjar å ta ansvar og å engasjere seg, for det er ikkje slik at Framstegspartiet skal sitje aleine med denne saka i regjering, seier han.

Created by InfoDispatcher

VIDEO: Frp-leiar Siv Jensen på Dagsrevyen i 2009. Ho seier ho er villig til å bryte menneskerettane.

AKTUELT NÅ