Hopp til innhold

Fakkeltog etter Pakistan-terror: – Alle må seie at vi står saman

Dei neste dagane vert det fleire markeringar for offera for terroren i Pakistan. Søndag håpar Islamsk Råd på massemobilisering til fakkeltog mot terror i Oslo sentrum.

Demonstrasjon mot IS og Profetens Ummah.

Islamsk Råd Norge håpar markeringa søndag vert like stor som demonstrasjonen i haust mot IS.

Foto: Paal Wergeland / NRK

Mehtab Afsar

Mehtab Afsar håpar at mange blir med og seier nei til terror. Vi lar oss ikkje kue, seier han.

Foto: Jonas Sundquist / NRK

– Vi har vore vitne til ein frykteleg massakre mot hjelpelause, uskuldige born. Terroristar ønskjer å sende oss tilbake til steinalderen. Alle må ut og seie at vi står saman mot terror, seier generalsekretær i Islamsk Råd Norge Mehtab Afsar til NRK.

Paraplyorganisasjonen er kontakta av ei rekkje organisasjonar som vil vere med i fakkeltoget, som går frå Oslo S til Stortinget søndag klokka 17.

Blant dei er Mellomkyrkjeleg råd og Det katolske bispedømet.

Håpar på massemobilisering

Markeringa er til støtte for offera i Pakistan, og ei markering mot terror generelt. Kronprinsen er invitert, og fleire politikarar har sagt at dei kjem.

– Eg håper også at statsministeren deltek. Eg har allereie sendt ein invitasjon, seier Afsar.

Han er oppteken av at så mange som mogleg må stå saman og ta avstand frå terror, sjølv tre dagar før julaftan. Afsar håper vi ser ei liknande massemobilisering som i haust, då tusenvis gjekk i tog mot ekstremisme og terrorgruppa IS.

– Mange i Noreg har band til Pakistan og er i sorg, men du treng ikkje vere frå Pakistan for å kjenne på smerta og sorga, seier Afsar.

Sjølv har han ikkje sove sidan angrepet, og telefonen hans ringjer ustanseleg.

Den norsk-pakistanske 14. august-komiteen og Røde Kors går førstkomande torsdag saman om ei minnemarkering for offera i terrorangrepet mot ein skule i Pakistan i dag.

– Mange uskuldige liv har gått tap. Mange har behov for å dele sorga, og vi treng ei slik markering, seier Aamir Sheikh.

Sørgjemarkering

Det er ikkje berre søndag at det blir markering. Den norsk-pakistanske 14. august-komiteen og Røde Kors går torsdag saman om ei minnemarkering for offera.

– Mange har behov for å dele sorga, og vi treng ei slik markering, seier initiativtakar Aamir Sheikh.

Han seier minnemarkeringa er open for alle, ikkje berre nordmenn med pakistansk bakgrunn.

Han tok kontakt med generalsekretær i Røde Kors, Sven Mollekleiv, fordi Røde Kors også tidlegare har vore til god støtte for pakistanarar i Noreg i vanskelege tider. Mollekleiv seier angrepet i Pakistan er eit klart brot på internasjonal lov.

– Vi kjem til å gi informasjon om den faktiske situasjonen ved skulen, oppdaterte tal på drepne og såra og den faktiske situasjonen på bakken i Pakistan. Det er stor fortviling blant folk og då er det viktig med informasjon, seier Mollekleiv.

Utanriksminister Børge Brende har sagt ja til å delta på minnemarkeringa.

Privatpersonar har også teke initiativ til å tenne lys og leggje ned blomster utanfor den pakistanske ambassaden.

AKTUELT NÅ