Hopp til innhold

Dette kosta terrortrusselen i sommar

«Operasjon sommer» fekk ein prislapp på nesten 80 millionar kroner.

Politi flyplass

KOSTA DYRT: Terrortrusselen mot Norge i sommar kosta politiet store summar. Beredskapen blei auka over heile landet, og politifolk med våpen patruljerte flyplassar, gater og andre stader med mykje folk.

Foto: Ivar Lid Riise / NRK

Regjeringa har fremja forslag om tilleggsløyvingar for til saman 77,5 millionar kroner for å dekkje kostnader ved handteringa av terrortrusselen mot Norge i sommar.

– Dette har jo ei kostnadsside. Proposisjonen som vi fremja i dag dekkjer dei vesentlegaste ekstrautgiftene, seier justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (FrP).

Dette kosta terrortrusselen:

  • Justis- og beredskapsdepartementet: 67,1 millionar kroner fordelt på følgjande måte: 61,3 millionar kroner til politiet sine utgifter til overtid, kompensasjon for unntak frå kviletidsreglane og reiseutgifter, 4,6 millionar kroner til Politiets tryggingsteneste (PST) for det same, samt 1,2 millionar kroner til auka redningshelikopterberedskap.
  • Forsvarsdepartementet: 7,5 millionar kroner til Forsvarets spesialstyrkar for det det kosta å hente tilsette tilbake frå ferie, reiseutgifter, overtid og beredskapstillegg.

Desse summane kjem i tillegg til ordinære driftsutgifter.

– Som vi varsla i sommar fremjer vi no forslag om tilleggsløyvingar slik at den auka beredskapen ikkje skal gå ut over ordinær verksemd, seier finansminister Siv Jensen (FrP).

Anundsen, Bjørnland og Refvik informerer om terrortrussel

VARSLA BEFOLKINGA: Styresmaktene varsla på ein pressekonferanse torsdag 24. juli klokka 10, at dei sat på informasjon om ein konkret og tidsavgrensa terrortrussel mot Norge. Frå venstre: Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp), PST-sjef Benedikte Bjørnland og assisterande politidirektør Vidar Refvik.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Frykta terroråtak frå IS

Regjeringa, Politiets tryggingsteneste (PST) og Politidirektoratet gjekk den 24. juli ut og varsla at Norge sto ovanfor ein terrortrussel. Beredskapen blei auka landet over, og alle politipatruljar blei bevæpna.

Styresmaktene var svært lite konkret på kva trusselen gjekk ut på, men dei uttalte at dei sat på konkrete opplysningar om at fleire personar med tilknytning til terrororganisasjonen IS skulle vere på veg mot Norge - i den hensikt å utføre eit terroråtak på norsk jord.

I september avdekka NRK at styresmaktene frykta, basert på informasjonen dei hadde, at ekstremistar planla å ta seg inn i hus til tilfeldige familiar. Der skulle dei drepe bebuarane, flime det og legge det ut på internett. Fleire kjelder uttalte til NRK at terroristane skulle bruke knivar.

Tidlegare har VG omtalt at PST fekk informasjon om at dei planla å gå til åtak med kniv i store folkemengder. Sentralt plasserte kjelder seier til NRK at dette var eitt av fleire scenarier.

Heile målet med eit åtak var at det skulle spre mest mogleg frykt i befolkinga.

AKTUELT NÅ