Hopp til innhold

IOC slår tilbake mot «norsk utskjelling»

Andre søkjarland som har trekt OL-søknaden sin har ikkje fått den same refsen frå IOC som Noreg. – Komiteen har fått nok av norsk utskjelling, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg.

Gerhard Heiberg under OL i London

Det norske IOC-medlemen Gerhard Heiberg seier stemoderleg behandling av IOC er grunnen til at komiteen reagerer så kraftig på Noreg sitt OL-nei.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

Christophe Dubi

IOC-direktør Christophe Dubi langar ut mot Noreg etter at Oslo trekte søknaden sin om å skipa til vinter-OL i 2022.

Foto: PILAR OLIVARES / Reuters

I ei kunngjering hevdar IOC-direktør Christophe Dubi at Noreg si avgjerd om å seia nei til å arrangera OL i 2022 er basert på faktafeil og halvsanningar. Dubi skriv også at Noreg langt på veg har seg sjølv å takka, ettersom dei ikkje sende dei «riktige» personane til eit møte i regi av IOC tidlegare i år.

«Arrogant» og «underleg», meiner byrådsleiaren i Oslo kommune og OL-direktøren om IOC sine krasse reaksjonar. Også i utlandet vekkjer IOC sin «sterke ordbruk» mot Noreg oppsikt.

Oslo er nemleg langt ifrå den einaste byen som har trekt seg etter først å ha flagga interesse for å skipa til eit vinter-OL i 2022.

Ein etter ein har Davos, Stockholm, München, Lviv og Krakow alle stroke sine namn frå søkjarlista, utan at dette har vekt like krass kritikk frå IOC.

Ingen sure miner mot Sverige

Stockholm sitt konsept blei samanlikna med Oslo2022 og den norske OL-direktøren Eli Grimsby har omtala den svenske hovudstaden som ein potensielt sterk konkurrent.

Då våre svenske naboar trekte seg i januar i år, var ordlyden frå IOC likevel av det langt meir positive slaget.

IOC påpeika at Stockholm var interesserte i å koma sterkare tilbake som søkjar til 2026-leikane. Komiteen sa også at den såg fram til den vidare konkurransen mellom dei attverande kandidatane.

«Det står att fem sterke kandidatar i kampen om å få vinter-OL i 2022 og me ser fram til ein god konkurranse», var IOC sitt fråsegn då Stockholm droppa ut.

Ifølgje IOC-medlemen Gerhard Heiberg, er det stemoderleg behandling av IOC som er grunnen til at Noreg no får på pukkelen.

– Det er den utskjellinga som finn stad av IOC i Noreg. Absolutt alt er gale med IOC når ein les og høyrer om kva som blir sagt i norske media. Ingen andre land har vore i nærleiken av så negative til IOC som Noreg. Det er bakgrunnen, seier Heiberg til NRK.

Gerhard Heiberg

– Ingen andre land har vore i nærleiken av så negative til IOC som Noreg, seier IOC-medlem Gerhard Heiberg.

Foto: Johansen, Erik / NTB scanpix

– IOC er pressa opp i eit hjørne

Professor Arvid Flagestad ved Markedshøyskolen

Professor Arvid Flagestad ved Markedshøyskolen meiner IOC har hamna i ei djupare tillitskrise enn nokosinne etter at Oslo trekte sin søknad til OL i 2022.

Foto: Markedshøyskolen

Professor Arvid Flagestad ved Markedshøyskolen gir Heiberg rett i at Noreg står fremst i rekkja av IOC-kritikarar, særleg fordi me har ei idrettsrørsle som er sterkt folkeleg forankra.

Han meiner likevel at IOC-direktøren overreagerer.

– IOC er overraska over den raske avgjerda og har nok fått ein slags overreaksjon, seier professoren til NRK.

No er kasakhstanske Almaty og kinesiske Beijing dei einaste kandidatane som står att i knivinga om 2022-OL.

Oslo var det europeiske alibiet og av mange omtalt som den sterkaste søkjaren. At Kasakhstan og Kina begge er omdiskuterte land når det kjem til menneskerettar, gjer tapet av Oslo enda vanskelegare å svelgja for IOC.

– Både Beijing og Almaty er underlagde autoritære styresett. Alle veit at dei har politiske motiv for å ville skipa til eit OL, seier professor Flagestad ved Markedshøyskolen.

– IOC føler seg pressa opp i eit hjørne. Komiteen er svært fortvila for at den ikkje lenger har gode og alminneleg aksepterte kandidatar til å arrangera leikane i 2022, legg Flagestad til.

– IOC har levt lenge på champagne og kaviar

Storstilte krav til pengebruk og luksus har vore eitt av nei-sida sine sterkaste argument mot eit OL i Oslo. Kritikk mot IOC er likevel gamalt nytt.

– Det var den tidlegare IOC-presidenten og spanjolenJuan Antonio Samaranch (1980–2001) som innførte det forfina, utsvevande livet med champagne og kaviar i komiteen, fortel professor Flagestad.

Han meiner mykje av kritikken er fortent, men at Gerhard Heiberg har fått altfor lite ros for sitt arbeid med å bringa riktige tankar inn i komiteen.

– Han har jobba hardt med å få ned overforbruket i IOC og har blitt underkjent av den norske offentlegheita i den prosessen, meiner Flagestad.

Om det er Beijing eller Almaty som blir vertsland for vinter-OL i 2022 får me først svar på den 31. juli i 2015. Sjølve leikane går av stabelen 12–27 februar i 2022.

AKTUELT NÅ