Hopp til innhold

Strengare krav til resept-kundar

Frå og med 5. mai skjerpar apoteka krava til kundar som skal henta ut reseptane sine.

Apotekene skjerper fra 5.mai kontrollen med elektroniske resepter. I dag er det nok for kundene å oppgi navn og fødselsnummer. - Nå blir det krav om legitimasjon og eventuelt fullmakt dersom man henter for andre, sier Jostein Soldal i Apotekforeningen.

Snart er det ikkje lenger nok med namn og fødselsnummer når du skal henta legemiddel på resept.

Ordninga med elektroniske reseptar blei innførd for eitt år sidan. I dag er åtte av ti reseptar elektroniske.

Hittil har det vore nok for kundane å oppgje namn og fødselsnummer.

Apotekerforeningen meiner at dagens ordning er sårbar og skjerpar no kontrollen.

Legitimasjon og fullmakt

– No blir det krav om å visa legitimasjon ved henting av reseptlegemiddel . Dei som hentar medisinar på vegne av andre må ha med fullmakt og legitimasjonen til den personen dei hentar for, seier kommunikasjonssjefen i Apotekerforeningen Jostein Soldal.

Dei som jobbar i apoteka er nøgde med at krava no blir skjerpa inn.

– Det er veldig viktig at det no blir krav til lik praksis ved alle apotek, seier apotekar Mari Solberg til NRK.

AKTUELT NÅ