Hopp til innhold

Kong Harald får «nytt land»

Eit område heilt aust på Svalbard får namnet Harald V Land. Dermed har den tredje norske regenten no fått namnet sitt på øygruppa.

Det er Norsk Polarinstitutt som fastset namn i polarområda. 15. september bestemte namnekomiteen at den austlege delen av Nordaustlandet skal ha namnet Harald V Land.

Harald V Land

Harald V Land ligg lengst nordaust på Svalbard.

Foto: NRK

Største bre på Svalbard

Dei andre delane av Nordaustlandet har namna Gustav Adolf Land, Gustav V Land, Prins Oscars Land og Orvin Land. Nordaustlandet er den nest største øya på Svalbard.

Harald V Land er eit område på om lag 6500 km². Det er i all hovudsak dekka av ei stor iskappe, og omfattar størstedelen av Austfonna, som er den største breen på Svalbard, og ein av dei største i Europa.

Største høgda på breen er 770 meter. På austsida endar iskappa i havet, og langs heile denne kanten kalvar breen. Fleire stader har brekanten trekt seg tilbake slik at det dei seinare åra har kome fram nye holmar og skjer.

Dyrerikt område

Jan-Gunnar Winther

Direktør for Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther seier kongen får namnet sitt på eit område som blir brukt til norsk og internasjonal klimaforsking.

Foto: Eivind Molde / NRK

– Eit større område på Nordaustlandet mangla såkalla områdenamn, fortel direktør ved Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winther.

– Vi har mange kongelege namn på Svalbard, både svenske og norske. Kong Haakon VII fekk namnet sitt på eit område nordvest på Spitsbergen allereie i 1915, og Olav V Land er namnet på det austlegaste området på den same øya.

– Vi har valt Harald V Land som namn på den austlege delen av Nordaustlandet, og dermed har den tredje norske regenten no fått namnet sitt på denne norske øygruppa i Arktis, seier han.

– Kva meir kan du seie om dette området?

– Det er mykje dyreliv der – bl.a. isbjørn og sel – og det blir i stor grad brukt til klimaforsking. Både norske og internasjonale forskarar har vore i området og studert isforholda, og mellom anna rekonstruert klimaet frå tidlegare tider, fortel Winther.

Ingen kommunale grenser

På Svalbard er det ingen kommunale eller andre administrative grenser som kan brukast til å avgrense og definere eit stadnamn.

Norsk Polarinstitutt bruker i staden ei tradisjonell inndeling i «land» som utgangspunkt for å avgrense dei ulike delane av øygruppa.

Kongeleg besøk

I august var kong Harald for første gong på privat besøk på Svalbard, heilt utan noko offisielt program. Han ville bli betre kjend med natur og miljø. Ved hjelp av Sysselmannen sin båt og helikopter, besøkte han store delar av det nordlege og austlege Svalbard.

Følgjet var både på Rossøya, som er den nordlegaste øya på Svalbard, og på Kvitøya, som ligg lengst aust. Bl.a. i Isflakbukta på Phippsøya fekk dei sjå både isbjørn og kvalross på nært hald (sjå video).

Saka held fram under biletet

Kongens reiserute på Svalbard

Kongen si reiserute på Svalbard.

Foto: Sysselmannen på Svalbard/Slottet

Dei var også på Nordaustlandet. Kongen fekk sjå ein gammal forskingsstasjon i Kinnvika, på vestsida av øya. Dei besøkte også Haudegen, om lag midt mellom vestlegaste og austlegaste punkt.

Men heilt i aust, i det området som no blir kalla opp etter kongen, var dei ikkje.

Avgjerda om å kalle dette området Harald V Land kom først etter at kongen var heime igjen.

– Det er veldig hyggeleg at kongen kom til Svalbard på privat besøk, seier Jan-Gunnar Winther.

– Engasjementet som kongen og dei kongelege har for klima, miljø og dei polare områda er sterkt, og det set vi svært stor pris på, seier han.

Sjå video frå Kongen sin private Svalbard-tur:

Kong Harald besøkte i august store deler av det østlige og nordlige Svalbard. En del av dette området får nå navnet Harald V Land.

Kongen på privat Svalbard-tur

AKTUELT NÅ