Hopp til innhold

Vil advare norske kvinner mot Dubai

– Utanriksdepartementet må vurdere om Dubai er eit trygt land for kvinner å dra til, seier Venstre-leiar Trine Skei Grande. Denne veka blei norske Marte dømd til fengsel etter å ha meldt frå om valdtekt.

Trine Skei Grande

MÅ PRESSE DEI: Trine Skei Grande (V) ber utanriksdepartementet gå hardare til verks i å legge press på Emiratane – og om å endre reiseråda til det muslimske landet.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

– Eg vil oppfordre utanriksministeren til å gjere ei vurdering om det er trygt for oss kvinner å reise til dette landet, seier Trine Skei Grande. Ho ber utanriksminister Espen Barth Eide om å vurdere å åtvare kvinner mot å reise til Dubai.

Marte Deborah Dalelv i Dubai

Marte Deborah Dalelv sit i Dubai utan pass, utan moglegheiter til å reise heim, med ein sexdom på seg etter å ha meldt ein valdtekt.

Foto: Sigurd Falkenberg Mikkelsen / NRK

24 år gamle Marte Deborah Dalelv opplevde å bli fengsla etter å ha meldt ein valdtekt i emiratet Dubai.

Tysdag blei ho dømt for alkoholbruk, sex utanfor ekteskapet og for å ha gitt falsk forklaring. I tillegg fekk ho sparken frå jobben sin. Marte sit i Dubai utan pass, utan moglegheiter til å reise heim, men har fått innvilga fri rettshjelp.

– Eg har søkt og fått innvilga fri rettshjelp frå Noreg, sier Marte til NRK. Med løpande utgifter til mellom anna advokat, set ho veldig pris på hjelpa frå Noreg, forklarar ho.

– Samarbeidet med Emiratane kan stå i fare

Saka har vekkt sterkt engasjement i Noreg og internasjonalt, og utanriksminister Espen Barth Eide har personleg teke på seg å ha kontakt med styresmaktene i emiratane om saka.

– Eg har fortalt utanriksministeren i emiratet kor sterkt vi reagerer på dette, og vist til at dette strir mot internasjonale forpliktingar dei har, spesielt når det gjeld kvinner, seier Espen Barth Eide.

Han seier til NRK at han har lagt eit indirekte press på styresmaktene ved å indikere at det gode samarbeidet mellom Noreg og Emiratane kan stå på spel.

Saka held fram

bartheide

TRUAR SAMARBEIDET: Espen Barth Eide har sagt til utanriksministeren i Emiratane at denne saka kan true det gode samarbeidet med Noreg.

Foto: NRK

– Eg har i mine samtalar med utanriksministeren og andre toppfolk i emiratane gjort det klart at vi ønskjer å vidareføre eit godt samarbeid. Eg har lagt til at denne saka er så alvorleg, at dette gode samarbeidet kan stå i fare, seier utanriksministeren.

Skei Grande vil ha økonomisk press

Dette er ikkje nok for Venstre-leiaren, og Grande vil at det skal takast endå større grep.

– Dette er eit land der ein kan bli utsett for valdtekt og ende i fengsel dersom du går til politiet. Dersom dette er praksisen i eit såkalla ferieland, bør det ringe nokre bjøller i utanriksdepartementet, tordnar Skei Grande i radioprogrammet Ukeslutt laurdag.

– UD bør vurdere om dette er eit trygt land å dra til for kvinner, om ein har rettstryggleik, seier ho, og legg fram forslag om å legge press på styresmaktene.

– Det er ikkje eit kva som helst slags land. Det er eit einevelde, som har eit rettssystem vi ikkje kan sette oss ned og utan vidare respektere. Det er eit land der press fungerer, og difor burde Noreg gå inn med økonomisk press, foreslår Grande.

– Vi degger for mykje med desse regima. Her har Noreg ei finansiell kraft, og vi har moglegheit til å påverke og sette ting på dagsorden.

–Norske flyselskap har direkteruter til Dubai, da må dei kunne levere ein viss basisstandard for kvinnerettar, slår Grande fast.

AKTUELT NÅ