Hopp til innhold

Brukar Utøya-dugnad som terapi

Ferske malingstrok, nye gjerde og nyklipt plen. Tove Lise Granli er ein av 40 frivillige som har lagt ned totalt 1400 dugnadstimar i klargjeringa av Utøya til toårsmarkeringa av terroren.

Utøya-veteran Tove Lise Granli

Utøya-veteran Tove Lise Granli har stilt opp frivillig og brukt mange timar på å få opp nytt gjerde langs Kjærleiksstien før toårsmarkeringa måndag.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Det gått føre seg flittig vedlikehaldsarbeid på dugnadsbasis på den hjarteforma øya i Tyrifjorden i månadene og vekene opp mot toårsmarkeringa av 22. juli-terroren.

Om lag 40 frivillige har vore i sving på Utøya sidan dugnadsarbeidet starta i vår.

Restaureringsarbeidet på hovudhuset er utført av eit Fredrikstad-firma som gav 600 arbeidstimar i gåve til Nye Utøya. I tillegg har 30 såkalla utøyaveteranar bidrege i vedlikehaldsarbeid som vasking og plenklipping.

– Bidragsytarane er folk som var på Utøya for første gong for 40-50 år sidan, og andre som har vore på leir der no i seinare tid, opplyser prosjektleiar i styringsgruppa for «Nye Utøya», Jørgen Frydnes til NRK.

Ein av dei er Tove Lise Granli,som var heldig og fekk sonen Jo (17) tilbake frå massakren i live.

«Tek øya tilbake» med dugnadsarbeid

– Før 22. juli 2011 var Utøya den tryggaste staden eg visste om. Sommaren 2010 deltok sonen min på Utøya for første gong og kom heim med stjerner i augo. Og så skjedde dette. Eg føler meg ekstremt heldig som fekk han heim att. Eg har ikkje klart tanken på noko annet, seier Granli til NTB.

Som AUFar frå Nord-Trøndelag kom ho sjølv til Utøya for første gong i 1982. I åra etterpå blei det fleire Utøya-besøk, blant anna i samband med verv i AUF sitt sentralstyre.

Ho føler at dugnadsarbeidet er hennar måte å «ta øya tilbake» på etter dei grufulle ugjerninga den regnvåte sommarkvelden for to år sidan.

– Eg er godt kjend på øya og visste at det er fleire stader det er umogleg å flykta frå. For meg var det viktig å gå rundt åleine, og deretter saman med sonen min og kjærasten hans som viste meg gøymestaden sin. For kvar gong eg kjem til øya, blir det litt lettare. Det er meiningsullt for meg å hjelpa til med dugnadsarbeidet, seier Utøya-veteranen.

 Hovedhuset på Utøya

Hovudhuset på Utøya har fått ein overhaling i form av blant anna ny kledning, nye vindauge, restaurert glassveranda og fersk maling.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

Tilbake 40 år etter

Som følgje av dugnadsiveren står hovudhuset no i ny drakt, etter at roten kledning og vindauge er fjerna, måse er vaska vekk og utsida har fått ei ny overhaling med malarkosten. Glasverandaen er også restaurert.

Bernt Oremo, også utøyaveteran og medlem av Torsnes Arbeiderlag, har ikkje delteke på leir på Utøya på meir enn 40 år. Han var likevel ikkje vanskeleg å be då dugnadsgruppa mobiliserte i slutten av mai.

Han har vaska og måla hovudhuset, sett opp stillas og reparert ei trapp.

– For meg er det viktig å bidra. Det er godt å koma ut og sjå plassen også, sier Oremo til NTB.

Nye gjerde langs Kjærleiksstien

I tillegg er det sett opp nye gjerde på store delar av Kjærleiksstien for å sikra bratte parti.

– Etter ønske frå einskilde etterlatne har eit lite område ved stien blitt ståande urørt. Dei vil ha det slik det var i 2011 til etter toårsmarkeringa, fortel Frydnes i styringsgruppa for «Nye Utøya».

Dagane før toårsmarkeringa står det att ein siste innspurt: plenklipping, utplassering av benkar og andre enkle førebuingsoppgåver.

Utøya vil vera open i tre dagar frå laurdag for alle som vart råka avterroren for to år sidan. Måndag skal statsminister Jens Stoltenberg (Ap) vera til stades på minnemarkeringane både på kaien på Utøya og på Utvika kai på landsida.

Bakken, med utsikt over Låven på Utøya

Klipping av plenar og utplassering av benkar gjenstår før dei terrorråka får koma ut og vitja øya laurdag til måndag i samband med toårsmarkeringa.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

AKTUELT NÅ