Hopp til innhold

Slik blir toårsmarkeringa av 22. juli

Det blir minneseremoniar på Utøya og i Regjeringskvartalet, men årets markering blir meir dempa enn i fjor. Mange overlevande ønskjer rom for meir privat sorg, fortel AUF-leiar Eskil Pedersen.

Minnemarkering på Utøya

AUF-leiar Eskil Pedersen saman med statsminister Jens Stoltenberg, Gro Harlem Brundtland og AUFarar på eittårsmarkeringa på Utøya i fjor.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Måndag er det nøyaktig to år sidan terroren råka Noreg og tok livet av 77 menneske.

730 dagar etter dagen som rysta Noreg, er det framleis mange sår som ikkje har grodd blant dei overlevande, pårørande og etterlatne.

På eittårsdagen i fjor blei det skipa til ei omfattande nasjonal minnemarkering med talar, allsang, kransenedleggingar og 1000 AUFarar samla på Utøya.

På kvelden var det nasjonal minnekonsert på Rådhusplassen i Oslo, med om lag 50.000 oppmøtte publikummarar. Godt over éin million nordmenn følgde konserten på fjernsyn.

Minne-arrangementa på toårsdagen blir mindre omfattande (sjå program i faktaboksen til høgre).

– Det er viktig for oss å markera det som skjedde, men på toårsdagen blir det ei mindre og meir nedtona markering av det som skjedde 22. juli. Mange av våre medlemmer har gjeve uttrykk for eit ønske om at 22. juli også bør ha rom for meir privat sorg, fortel AUF-leiar Eskil Pedersen til NRK.

Ifølgje Pedersen er det mange av dei overlevande ungdomane som føretrekk å markera dagen i heimfylket sitt saman med venene sine og dei nærmaste i staden for å valfarta til Oslo eller Utøya.

– Det legg me til rette for ved å ha mindre markering nasjonalt, seier Pedersen som sjølv er ein av AUFarane som kom frå massakren i live.

Ikkje planar for framtidige markeringar

Trond Blattmann

Ei nedskalering av årsmarkeringa er både naudsynt og i tråd med dei etterlatne sine ønske, seier leiaren for Nasjonal støttegruppe 22. juli, Trond Blattmann. Han mista sjølv sonen sin på Utøya.

Foto: Helge Carlsen / NRK

Det er AUF og Nasjonal støttegruppe 22. juli som i hovudsak står bak dei ulike minnemarkeringane, medan regjeringa er med og legg til rette.

– Det er ei nedskalering fordi me kan ikkje ha store eittårsmarkeringar kvart einaste år. Det er for svært og krev for mykje kapasitet. Det er dessutan langt ifrå alle som ønskjer så mykje publisitet rundt det, seier leiaren i Nasjonal Støttegruppe, Trond Henry Blattmann.

Kva som vil bli innhaldet i og omfanget av nasjonale 22. juli-markeringar i framtida, er framleis uvisst.

– Runde årsdagar, som til dømes fem- og tiårsmarkeringar, kan kanskje bli større, men Støttegruppa ønskjer ei nedskalering. Det er i tråd med etterlatne sine ønskjer. Me har i alle fall ikkje fått nokon negative tilbakemeldingar på styret sitt vedtak om å skalera ned dette året, fortel Blattmann.

Heller ikkje regjeringa har drøfta korleis det årlege opplegget bør bli i kommande år.

– Det finst ingen planar for korleis 22. juli skal markerast i åra framover, regjeringa har ikkje teke stilling til det enda, opplyser kommunikasjonsrådgjevar ved statsministeren sitt kontor, Arvid Samland.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kongen og statsministeren

Kong Harald og statsminister Jens Stoltenberg under kransenedlegginga i regjeringskvartalet i samband med minnemarkeringa av 22.juli i 2012.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Statsministeren og kronprinsparet deltek

Sjølv om markeringa er enklare og meir nedtona i år, skal statsministeren delta i minnemarkeringar både i regjeringskvartalet, på landsida av Utøya, på Utøya og i minnegudstenesta i Oslo domkyrkje.

Kongehuset vil ikkje vera representerte ved markeringa i regjeringskvartalet, slik dei var i fjor. Kronprinsparet vil vera til stades under minnegudstenesta, som også blir enklare i formen i år enn i fjor.

Båten som i år skal frakta besøkande til Utøya, er elvebåten MS Dronning Tyra med ein kapasitet på 70 passasjerar. Under markeringa på Utøya vil det bli framført ein trompetsolo av «Til ungdomen» og høgtlesing av diktet som er rissa inn i minnesteinane rundt om i landet.

I tillegg til dei nasjonale markeringane, organiserer dei lokale støttegruppene markeringar i distrikta rundt om i landet.

Du kan følgja minnegudstenesta og minnemarkeringane i regjeringskvartalet og i Utvika på NRK1. Markeringa på Utøya er ikkje open for media.

Kronprinsparet under ettårsmarkeringen av 22. juli

Kronprinsesse Mette Marit og kronprins Haakon under minnemarkeringa og kransenedlegginga i Regjeringskvartalet 22. juli, eitt år etter terroråtaket. På toårsdagen vil kronprinsparet delta i minnegudstenesta i Oslo domkyrkje.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix
Etterlatte og overlevende hadde møtt opp for å høre Stoltenbergs tale. En av dem var Line Nersnæs som ble skadet under angrepet.

– Jeg er her for å hedre kollegene mine

For to år siden gikk bildet av Line Nersnæs med en pinne i hodet verden rundt. I dag synes hun det er viktig, men også vanskelig å minne de som ikke kom fra angrepet i live.