Hopp til innhold

Foreldra slit lenger enn borna etter Utøya-marerittet

Foreldre til Utøya-overlevande slit meir enn borna sine med å kvitta seg med posttraumatisk stress, angst og depresjonar. – Eg har ikkje fått oppfølging eller tilbod om det, fortel mor Jelena Bjelland.

Jelena Bjelland

Sonen til Jelena Bjelland skulle som 13-åring oppleva å overleva massakren på Utøya. Guten har fått god oppfølging og har det etter forholda bra. Mor fekk aldri tilbodet om hjelp, og stod åleine då etterverknadene av marerittet kom snikande.

Foto: Elin Fossum / NRK

Ungdom som har hatt psykiske vanskar etter å ha overlevd Utøya-massakren blir langt raskare friske enn foreldre med tilsvarande problem.

Det viser delrapport nummer to i ei tre-trinnsundersøking av den psykiske helsa til Utøya-overlevande og foreldra deira.

Jelena Bjelland frå Hamar er mor til ein no 15 år gamal gut som overlevde Utøya-massakren i 2011. Ho er ein av dei som er intervjua i Utøya-prosjektet.

Til NRK skildrar ho tida etter terroren som ein mental berg- og dalbane og eit sololøp.

– I starten var det sjølvsagt ganske store og rystande påkjenningar, men eg trur eg snakkar for mange når eg seier at ein set seg sjølv litt til side og fokuserer på korleis ungdomen har det. Det går ein del tid før ein får både tid og høve til å kjenna på korleis ein eigentleg har det sjølv, og korleis dette har påverka deg som person og som mor eller far.

Angst, depresjonar og traume

Ungdomen som hadde symptom på posttraumatisk stress, depresjonar og angst få månader etter terrorhandlinga, hadde gjort store framsteg i løpet av eitt år, viser prosjektet som er utført av Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress (NKVTS) og finansiert av Helsedirektoratet:

Mindre positivt er det for pårørande foreldre med psykiske vanskar:

  • Talet på foreldre som rapporterte om posttraumatisk stress gjekk ned frå 25 til 20 prosent frå hausten 2011 til hausten 2012.
  • Blant ungdomane gjekk talet ned frå nesten 50 prosent til 20 prosent.
  • Talet på foreldre som rapporterte om angst og depresjonar blei redusert frå 40 til 30 prosent.
  • Blant ungdomane gjekk talet ned frå 70 til 40 prosent.

– Det er lett å oversjå dei som er nærmaste pårørande, og ikkje tenkja på at også dei har behov for hjelp, seier Grete Dyb, barne- og ungdomspsykiater og leiar for Utøya-prosjektet ved NKVTS.

– Den skrekkopplevinga, som særleg foreldra har hatt, vil sitja i og forfølgja dei i lang tid. Det er lett å tenkja at dei greier seg sjølve, men eigentleg er det eit større hjelpebehov der enn det me ønskjer å sjå. Mange av ungdomane som overlevde Utøya har slite med mange symptom over lengre tid. Det er nok ein slitasje på heile familien, legg Dyb til.

Blomster på brygga ved Utvika Camping for ofrene etter massakren på Utøya (i bakgrunnen)

Mange foreldre opplevde sitt verste mareritt då massakren på Utøya starta og dei ikkje fekk kontakt med borna sine. Sjølv for mødre og fedre som var heldige, er det vanskeleg å bli kvitt skrekken og angsten.

Foto: Sindre Thoresen Lønnes / Scanpix

Vanskeleg å skilja mellom Utøya-traume og tenåringsnykker

Kva er det som er vanlege tenåringproblem, og kva er relatert til 22. juli? (..) Til dømes hender det at eg riv opp ei dør og kjem veldig raskt inn i rommet der han sit med høyretelefonar på. Då fer han opp og blir sint fordi eg skremmer han. Det er fort å gløyma at han har opplevd noko som gir han den fulle rett til å reagera slik.

Jelena Bjelland, mor til Utøya-overlevande

I tenåringsmora Bjelland sitt tilfelle tok det eit års tid før ho begynte å kjenna på at ho sleit litt ekstra. Tunge tankemønster kom gradvis snikande.

At sonen hennar er i dei turbulente tenåra og går på ungdomsskulen, er ei ekstra utfordring. Det er vanskeleg å skilja mellom kva som er ungdomsopprør og kva som er Utøya-sår, kva tid ein skal setja grenser og kva tid ein skal tolerera og visa omsorg.

– Kva er det som er vanlege tenåringproblem, og kva er relatert til 22. juli? Det er vanskeleg nok å ha tenåringar i hus.Til dømes hender det at eg riv opp ei dør og kjem veldig raskt inn i rommet der han sit med høyretelefonar på. Då fer han opp og blir sint fordi eg skremmer han. Det er fort å gløyma at han har opplevd noko som gir han den fulle rett til å reagera slik.

Kva for ei oppfølging har du fått eller fått tilbod om?

– Eg har ikkje fått noko oppfølging eller tilbod om det. Det var først då eg ikkje fekk hjelp andre stader at eg sjølv tok initativ og fortalde psykologen til sonen min at eg hadde det vanskeleg, og på den måten blei vist vidare til BUP (Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk; journ.merk)), fortel ho.

Psykiater: – Me har mykje å læra

Grete Dyb

- Det har vore tilbod til foreldra rundt om i kommunane men det har nok variert i stor grad, seier barne- og ungdomspsykiater og leiaren for Utøya-prosjektet Grete Dyb.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Psykiater Dyb seier resultata frå undersøkinga er eit tankekors.

– Har foreldra vore i stand til å ta imot den hjelpa dei treng? Har dei fått tilbod om god nok oppfølging? Det er hjelp og få og det finst fagfolk som kan dette, men både primærhelsetenesta, sosialhelsetenesta, skulevesenet og spesialisthelsetenesta treng meir kompetanse for å handtera slike hendingar i framtida. Me har mykje å læra, seier prosjektleiaren.

Ifølgje Dyb er det lite forskingsbasert materiale å støtta seg til i spørsmålet om kva slags oppfølging pårørande har best nytte av.

– Men me veit at det å tilby hjelp, koma saman for å snakka om det som har skjedd og forstå sine eigne reaksjonar og kanskje få behandling. Det har vore tilbod til foreldra rundt om i kommunane, men det har nok variert i stor grad, seier psykiateren.

Både tenåringsmora Bjelland og sonen har det etter forholda bra den dag i dag. Dei siste to åra har Bjelland hatt sin fulle hyre med å vera mor og med engasjementet sitt i Støttegruppa 22. juli i Hedmark, der ho nyleg tok over leiarvervet. No er ho klar for å ta fatt på studentlivet med mål om å bli vernepleiar.

Ho er ikkje i tvil om kva som har vore til størst hjelp i dei tunge tidene etter terroren som kunne ha frårøva henne sonen.

Samtalane, fellesskapet og det sosiale samveret ho får via støttegruppa i Hedmark har gjort børa langt lettare å bera.

– Likmannsstøtta eg har fått via å vera med å starta opp støttegruppa og å jobba med den har vore det viktigaste for meg. Det å kunne lufta tankar saman med andre som er i same båt. Det å få vera saman med andre, enten foreldre eller ungdom, har dessutan ein slags helande effekt sjølv om me ikkje snakkar om 22. juli, fortel Bjelland.

Helsedirektoratet: – Kan bli aktuelt med nye tiltak

Cecilie Daae

Cecilie Daae er fungerande direktør i Helsedirektoratet.

Foto: Helsedirektoratet

Helsedirektoratet vil no drøfta dei nye funna i Utøya-prosjektet i det nasjonale samarbeidsorganet for helserelatert og psykososial oppfølging etter 22. juli.

– Dette med at både foreldre og sysken så tidleg peikar seg ut som grupper som også har behov for oppfølging er viktige funn som me må ta med oss inn i drøftingane, seier fungerande helsedirektør Cecilie Daae til NRK.

Det kan bli aktuelt å setja inn nye tiltak for å hjelpa foreldre og andre pårørande som slit, fortel Daae.

– Ja. Denne undersøkinga understrekar kor viktig det er å fokusera enda meir på dei pårørande, ikkje minst foreldre og sysken. Me har frå før av bede kommunane ha ei proaktiv, langsiktig og individualisert tilnærming til dei terrorråka. Det er viktig at denne oppfølginga også omfattar dei som står offera nær og føler at dei har behov for hjelp, påpeikar ho.


AKTUELT NÅ