Hopp til innhold

NRK-forhandlingar ut over natta

Meklar Dag Nafstad kallar forhandlingane mellom NRK-tilsette i NTL og arbeidsgjevarorganisasjonen Spekter for vanskelege. Partane held likevel fram meklinga ut over natta i håp om å finne ei løysing.

Meklingsmann Dag Nafstad

Meklar Dag Nafstad har håp om ei løysing før midnatt, men seier det er vanskelege forhandlingar.

Foto: Sørbø, Krister / NTB scanpix

Dei 763 NRK-tilsette som kan bli tekne ut i streik frå midnatt, er organiserte i LO-forbundet Norsk Tjenestemannslag (NTL). NTL organiserer på tvers av yrkesgruppene i NRK, og ein streik vil ramma breitt i organisasjonen. Det er i hovudsak teknisk personell som er organiserte i NTL.

Fleire nyheitssendingar på radio og fjernsyn blir ramma, om det ikkje blir semje i meklinga mellom 763 LO-medlemer i NRK og arbeidsgjevarforeininga NTL .

Meklar Dag Nafstad ved Riksmeklaren sitt kontor sa ved 23-tida kveld at det er vanskelege forhandlingar, men at han likevel håpte på ei løysing før midnatt. Dette greidde dei ikkje, men partane var samde om å halde fram forhandlingane ut over natta.

Fordeling av pengar

Nafstad seier at det ikkje er mengda av pengar som er hovudproblemet i forhandlingane, men snarare fordelinga av pengane på dei tilsette. LO likar ikkje at leiinga skal ha ein pott pengar dei fritt kan fordele på tilsette dei meiner har gjort seg fortente til det.

Nokre nyheitssendingar i fjernsynet vil måtte gå ut frå tysdag morgon om det blir streik, og 0730-sendinga til Dagsnytt blir ramma. Bulletengsendingane kvar time blir ikkje Det gjeld også Kulturnytt og Nyheitsmorgon. Korleis ein eventuell streik vil ramme vidare utover dagen er førebels uklart.

Håpar på avtale

P3 vil i stor grad gå som normalt. NRK-leiinga har avgjort at dersom visse sendingar går ut, så blir det samsendingar med andre kanalar, slik at det kan bli sendt P1-program i P2 og omvendt.

Distriktssendingane vil slik det ser ut i kveld i stor grad gå som normalt, og NRK.no blir ikkje ramma.

Ingen av partane vil i kveld uttale seg om forhandlingane, og dei viser til Riksmeklaren for kommentarar under meklinga.

Kommunikasjonsdirektør Tommy Hansen i NRK sa tidlegare i dag at hovudfokuset er å kome fram til ein avtale, og at han ikkje ville spekulere i konsekvensane for sendeskjemaet no.

– Tariffpolitiske tema

Sekretær Lise Olsen i LO Stat sa før meklinga starta at meklinga blir vanskeleg fordi det er tariffpolitiske tema det blir forhandla om. Ho meiner at utfordringa handlar om lønnsskilnader, der høgtlønte kan få større tillegg enn dei med lågast løn.

NRK Dagsnytt følgjer forhandlingane i sendingane sine kvar time ut over natta.

AKTUELT NÅ