Hopp til innhold

Unge Venstre klar for sigrar på landsmøtet

Surrogati, vin i butikk og dyrepoliti er sakene Unge Venstre ønskjer å skape blest om under landsmøtet til Venstre.

Vin, surrogati og dyrepoliti

Vin i butikk, surrogati og dyrepoliti er blant sakene Unge Venstre vil ha med i partiprogrammet.

Foto: Lise Åserud / NTB scanpix/Francois Destoc/LE TELEGRAMME/Polisen.se

Venstre sitt landsmøte går av stabelen på Fornebu på fredag. Trass i berre to representantar på tinget, har partiet hatt ein medlemsvekst ti år på rad. Det er difor eit optimistisk parti som går inn i valkampen for eit breitt borgarleg regjeringssamarbeid.

Under landsmøtet til Senterpartiet i Loen førre helg fekk ungdomspartiet eit historisk gjennomslag for ei rekkje saker dei hadde gått inn for. Spørsmålet er om også Unge Venstre vil få moderpartiet med seg i ei meir liberal retning. (Sjå oversikt over forslaga lengre nede i saka)

Målet til Venstre er å danne ein blågrøn regjering saman med Høgre og Kristeleg Folkeparti, men dei har i denne valkampen opna for å samarbeide med Framstegspartiet. Noko som ikkje er problemfritt. Partia er på kvar sin motpol når det gjeld miljø- og asylpolitikk, blant Venstre sine kjernesaker.

– Stanger hovudet i staten

På landsmøtet vil Venstre gjere det dei kan for å tydeleggjere at dei er eit miljøparti. Kvinneleg verneplikt, helsereform, ny boklov og statleg finansiering av kollektivtransport er andre viktige saker som skal bli tatt opp.

– Me stangar hovudet i staten, sa nestleiar Ola Elvestuen på pressekonferansen partiet hadde denne veka. Med dette refererte han til at staten detaljstyrer for mykje og gjer det vanskeleg for kommunane å vedta miljø- og samferdselspolitikk.

Partiet ønskjer også å diskutere opprettinga av eit regelråd plassert i Bergen, der småbedrifter kan vende seg dersom dei støyter på problem med byråkratiet.

Diskusjon blir det også om karakterar i barneskulen – landsstyret har kome med ei innstilling for å vedta karakterar for 7. trinnet.

Unge Venstre

Rotevatn

Unge Venstre-leiar Sveinung Rotevatn er ikkje framand for å få med seg moderpartiet på ei rekke område.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Senterpartiet fekk førre helg gjennomslag for store saker som Schengen-utmelding, folkeavstemming om EØS og verneplikt for kvinner.

Spørsmålet er om Unge Venstre klarar å innkassere like mange sigrar denne helga. Surrogati, vin i butikk og innføring av dyrepoliti er blant sakene det radikale ungdomspartiet Unge Venstre vil kjempe for på landsmøtet i helga.

Dette er sakene Unge Venstre vil ha moderpartiet med seg på landsmøtet:

  • Legalisering av surrogati
  • Innføring av dyrepoliti
  • Vin i butikk
  • Avvikle førstegongstenesta
  • Karakterar i barneskulen
  • Senke inntektskravet for familiegjenforening
  • Senke handlingsregelen

Forslaget om innføring av dyrepoliti er etter ein modell frå Sverige, der politiet har ein eigen avdeling for dyrekriminalitet.

Når det gjeld verneplikt vil det bli ein todelt diskusjon, først om avvikling av verneplikta, men partiet vil også innføre ein kjønnsnøytral verneplikt dersom den vert ståande.

– Me kjem til å jobbe hardt for å vinne vernepliktsdiskusjonen og å avvikle førstegongstenesta. Det er ein viktig kamp for oss, seier Sveinung Rotevatn.

Ungdomspartiet har tru på at dei klarer å få gjennomslag for fleire av tiltaka dei skisserer opp. Spesielt innføring av dyrepoliti har dei eit tru på fleirtal, etter det NRK.no får opplyst. Dei har også tru på at vin i butikk, karakterar i barneskulen, og sakene rundt verneplikten.

Knut Arild Hareide, KrF-leiar

Dersom Knut Arild Hareide i KrF bestem seg for å stå utanfor regjeringssamarbeid, kan det bli tøft for Venstre å stå utanfor.

Foto: Simon Solheim / NRK

Nokre av sakene er mindre sannsynlege å få gjennomslag for. Surrogati skal diskuterast, men sjølv om programkomiteen har gått inn for altruistisk surrogati, vil dette sannsynlegvis bli nedstemt. Seinast i dag skreiv listetopp for Akershus Abid Raja ein kronikk i Aftenposten der han « ... mener vi her har nådd en grense for hvilke tjenester noen bør kunne påta seg – og hvilke tjenester man skal kunne be om.»

KrF-ultimatum

Eit av dei heitaste spørsmåla i denne valkampen er om det vil bli mogleg å få til eit breitt regjeringssamarbeid mellom Høgre, Frp, KrF og Venstre. Dersom KrF vel å stå utanfor dette regjeringssamarbeidet, vil då også Venstre trekkje seg eller gi KrF vetorett for eit regjeringssamarbeid?

– Eg har aldri gitt ultimatum som partileiar, og det vil eg heller ikkje gjere no, sa Venstre-leiar Trine Skei Grande på pressekonferansen før landsmøtet.

Det er likevel ikkje til å stikke under ein stol at eit lite Venstre vil ha det svært tøft aleine i ei regjering saman med storebrørne Høgre og Framstegspartiet.

Les mer om stortingsvalget

Flere hundre mennesker møtte opp i Dronningparken for å gå et glimt av Erna Solberg og den nye borgerlige regjeringen.

– Siv får gjennomført det hun lover

Den nyvalgte regjeringen ble mottatt som superstjerner da de møtte folket i Dronningparken i Oslo i ettermiddag.

– Eg veit at eg kjem i et departement der det jobbar dyktige folk, seier påtroppande kommunalminister Jan Tore Sanner. Han har lang erfaring frå Stortinget, og seier at han føler seg godt førebudd til jobben.

– Har sommerfugler i magen

Statsminister Erna Solberg ringte aldri Jan Tore Sanner da hun skulle tilby ham statsrådspost. – I vår moderne tid driver vi med dørbank, så Erna kom og banket på hos meg, sier han.

Jens Stoltenberg sa at han har fått et nært og fint forhold til kongen idet han gikk inn til sitt siste statsråd i denne omgang.

Stoltenberg: - Gleder meg til å bo hjemme!

– Det har vært veldig fint å bo i statsministerboligen med mye praktisk hjelp og nærheten til Slottet og Stortinget, men det skal bli godt å bo hjemme!

Slik blir trolig kabalen

Desse blir statsrådar

Her er lekkasjane frå statsrådskabalen til den nye regjeringa. Onsdag får du se om kabalen går opp.