Skup-prisen til Dagens Næringsliv

Dagens Næringsliv stakk av med den gjeve SKUP-prisen for andre året på rad. Her Lars Backe Madsen (t.v.) og Stig Tore Laugen.
Foto: Helge Carlsen/NRKSkup-prisen for 2012 går til fire journalistar i Dagens Næringsliv for avsløringar om det norske dopingmiljøet.
Publisert 16.03.2013 22:42. Oppdatert 16.03.2013 23:29.
- Skriv ut
Skup, Stiftinga for ei kritisk og uavhengig presse, deler kvart år ein pris for god gravande journalistikk. Prisen vart delt ut på SKUP-konferansen i Tønsberg i kveld.
Dopingmafiaen
I år gjekk altså prisen til Dagens Næringsliv for å ha sett fokus på bruken av anabole steroidar og anna prestasjonsfremjande doping her i landet, og dopingmafiaen som forsyner nordmenn med slike stoff.
Dei fire journalistane er Lars Backe Madsen, Knut Gjernes, Stig Tore Laugen og Mikaela Berg.
I grunngjevinga heiter det at journalistane har sett fokus på eit problem som ikkje tidlegare har vore teke på alvor her i landet, og at avslsøringane førte til at politiet tok skikkeleg tak i det og gjorde store beslag.
Det førde til fleire pågripåingar og hittil over 100 siktingar i det som er i ferd med å bli den støreste dopingsaka i Europa, heiter det i grunngjevinga til juryen.
Lysbakken-saka
Ved sidan av hovudprisen vart det også delt ut tre Skup-diplom. To av dei gjekk til Dagbladet, medan Bergens Tidende stakk av med det tredje.
Dagbladet, ved fekk diplom for avsløringane om dåverande barne- , likestillings og inkluderingsminister Audun Lysbakken gav støtte til sjølvforsvarskurs som vart haldne i regi av Sosialistisk Ungdom,og som det ikkje var søkt om på normal måte.
Audun Lysbakken trekte seg frå ministerposten 5. mars 2012 etter tvil om habilitet og journalføring i samband med tildelingane.
Nerdrum og skatt
Den andre diplomen fekk Dagbladet for avsløringane av at det var gjort fleire feil i skattesaka mot Odd Nerdrum. Nerdrum vart dømd for skattesvik, men Dagbladet sine journalistar fann ut av han hadde betalt skatten han skulle.
Den tredje diplomen gjekk til Bergens Tidende for ein artikkelserie om den norske handelen med klimakvotar.
I fjor vann Dagens Næringsliv Skup-prisen for saka «Pengebingen», som handlar om korleis milliardverdiar blir forvalta for toppane i konsulentselskapet McKinsey.
Internasjonal Reporter
I tillegg er Internasjonal Reporter-prisen delt ut. Denne gjekk til Erling Borgen og Harald Erakers for «Oppgjørets time», som gjekk på NRK Brennpunkt, og til Atle Andersson, lasse Lambrechts og Eystein Røssum for «Spillet om klimakronene». Sistnemnde fekk også Skup-diplom.
Lenker
Innenriks
Fangeleiren Guantanamo
- PST-tilsett kritisk til terrorplan
- Savner klare IKT-signaler
- – Repetisjoner fra regjeringen
- – Har ikke funnet en egnet kjøper
- – Kypriotiske banker er forvokste
- Gir 109 mill. ekstra til beredskap
- – Eg gav opp Lofotfiske
- Politiet anker Klomsæt-saken
- Fiskarane fortvilar over låg pris
- Trygdesvindel for 6 mrd årlig
- 295 ansatte mister jobben
- Dette forventer opposisjonen
- Dette har Faremo lovet å svare på
- Giske sjokkert over mobilregning
- – Juks og svindel i fiskeindustrien
- 19-åring snakker ut om kirkebrann
- Nytt Altinn-rot
- Mann knivstukket på asylmottak i Hå
- Krev betre kontroll av fiskenæringa

