Hopp til innhold

Over 10.000 pålegg frå Arbeidstilsynet i fjor

Arbeidstilsynet gav i 2012 nesten 10.000 pålegg til bedrifter som slurvar med HMS-føreskriftene. Verst er det i bygg og anlegg.

Arbeidstilsynet på byggeplass.

Bygg og anlegg er bransjen som har fått flest besøk av Arbeidstilsynet i 2012.

Foto: Henning Tveito / NRK

Direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet seier til NRK.no at dei i fjor gjennomførte meir enn 15.000 tilsyn hos norske bedrifter. Seks av ti fekk pålegg om utbetringar, og hos dei fleste var det mangel på ei heilskapleg satsing på helse, miljø og tryggleik.

– Usystematisk

Direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet.

– Førebygging er betre enn reparering, seier direktør Ingrid Finboe Svendsen i Arbeidstilsynet.

Foto: Arbeidstilsynet

– Mange av desse bedriftene har sett i verk tiltak, men arbeidet er ikkje systematisk. Vi ynskjer at alle bedrifter skal ha eit system for korleis ein skal unngå skadar eller ulukker, seier Finboe Svendsen.

Ho fortel at Arbeidstilsynet mest av alt er oppteken av førebygging. Det er betre å førebyggje enn å reparere, er mottoet.

– Systematisk arbeid med helse, miljø og tryggleik er det mest grunnleggjande for å skape eit trygt og sikkert arbeidsmiljø. Dette er noko alle skal ha på stell,og som burde vere like naturleg som å ha eit økonomisystem på plass, seier ho.

LES OGSÅ: Slik bor arbeidsinnvandrere i Norge

For dårleg førebygging

Finboe Svendsen fortel at det ved 60 prosent av dei over 15.000 bedriftene som vart undersøkte i fjor, så var det for dårleg førebygging av muskel- og skjelettplager i 60 prosent av tilfella. Nummer to på lista er mangel på avtale med godkjent bedriftshelseteneste og som nummer tre er brot på føreskriftene om tungt og einsformig arbeid.

Førebygging av muskel- og skjelettskjukdomar har vore ei hovudsatsing for Arbeidstilsynet dei siste åra, gjennom satsinga «Føre var». Seks av ti verksemder kunne ikkje dokumentere at dei har kartlagt og risikovurdert kva det er hos dei som kan føre til muskel- og skjelettplager hos dei tilsette.

– Grunn til uro

– Dette gir grunn til uro, særleg med tanke på at tilsyna er gjennomførte i bransjar i næringar med stor risiko for muskel- og skjelettplager, seier Ingrid Finboe Svendsen.

«Føre var»-tilsyna er gjorde i bygg og anlegg, i barnehagar, i industrien, ved hotell og restaurantar, ved ambulansetenestene og på kontorarbeidsplassar..

Det er likevel også positive signal. Det er gjort oppfølgingstilsyn i rundt 200 av verksemdene som fekk pålegg gjennom «Føre var»-satsinga. Og då kom det fram at 96 prosent av desse verksendene stadfestar at dei har fått auka kunnskap om det å førebyggje muskel- og skjelettplager.

Lansering onsdag

Førstkomande onsdag går startskotet for ei satsing som skal gjere det enklare for bedriftene å følgje Arbeidsmiljølova. I dag må norske verksemder følgje 47 føreskrifter på dette området. Frå onsdag er talet redusert til seks.

Lansering. Då skal også ein ny elektronisk arbeidsmiljøguide lanserast, og denne guiden skal hjelpe arbeidstakarar og arbeidsgjevarar i gang. Denne blir å finne på Arbeidstilsynet sine nettsider.

Lanseringa skjer på eit seminar i Oslo onsdag føremiddag.

LES OGSÅ: Tek grep etter fleire dødsulukker

LES OGSÅ: Frihet fra å jobbe seg i hjel

LES OGSÅ: Politiet har tatt ut tiltale mot Adecco

LES OGSÅ: – En useriøs næring på flere måter

AKTUELT NÅ