Hopp til innhold

No går Erna - hårfint - forbi Jens

For første gong passerer Erna Solberg statsminister Jens Stoltenberg på NRK sine målingar. Men marginane er små; berre 0,1 prosentpoeng skiljer dei to statsministerkandidatane.

Statsministermåling januar
Foto: NRK

– Det er veldig hyggeleg, men eg er edrueleg nok til å vite at det har å gjere med at dei borgarlege partia no går fram på målingane, og Høgre aller mest. Det betyr at eg får litt fart som statsministerkandidat, seier Erna Solberg til NRK.

Men heller ikkje Arbeiderpartiet ser svart på det:

– Jens gjer det fortsatt sterkt etter sju år som leiar for ei koalisjonsregjering. Det er eit bra utgangspunkt for oss, seier Ap-nestleiar Helga Pedersen.

Jens Stoltenberg går fram 0,1 prosentpoeng samanlikna med målinga frå desember, medan Solberg går fram 1,9. Det kjem av at færre svarar «vet ikke», og at færre vil ha Frp-leiar Siv Jensen som statsminister.

Stoltenberg og Solberg

Statsminister Jens Stoltenberg og Høgre-leiar Erna Solberg er akkurat like populære ute blant velgjarane, ifølgje NRK si måling.

Foto: Schrøder, Tor Erik / NTB scanpix

– Aps viktigaste kort

Jens Stoltenberg har alltid vore populær blant velgjarane. Det er godt kjent at når det nærmar seg val, brukar Ap Stoltenberg sin popularitet for alt den er verd. I år skal han sjølv fronte Ap si store valkampsak; utdanning.

– Skremmer det Ap at Høgre no har ein like populær toppkandidat?

– Det er ikkje tvil om at Jens er vårt sterkaste kort og ein særs populær politikar. Men ein kan ikkje skilje mellom Jens sin popularitet og partimålingar. Det heng tett saman. No må vi først få Ap til å stige, og da følgjer Jens sin popularitet etter, trur Helga Pedersen.

Ned 10 prosentpoeng

Helga Pedersen

Ap-nestleiar Helga Pedersen.

Foto: NRK

I februar 2012 svara 52,2 prosent av dei spurte at dei ville ha Stoltenberg som statsminister. No er talet 42,6 - eit halvt prosentpoeng bak Erna Solberg.

– Til sjuande og sist stemmer ikkje folk på Ap fordi Jens er ein kjekk og flink kar, eller på Erna fordi ho er «i vinden». Ap og Høgre vil ta Noreg i to forskjellige retningar. Det er det viktige, seier Pedersen til NRK.

AKTUELT NÅ