Hopp til innhold

Kongressen med støtte til Liu

Representanthuset i Den amerikanske kongressen vedtok i kveld norsk tid nesten samrøystes ei støtteerklæring til fredsprisvinnar Liu Xiaobo.

Liu Xiaobo

Representanthuset i Den amerikanske kongressen gir si støtte til fredsprisvinnaren Li Xiaobo.

Foto: Itsuo Inouye / Ap

Nancy Pelosi

Leiaren for Demokratane i Kongressen, Nancy Pelosi, skal delta på fredsprisutdelinga i Oslo fredag.

Foto: PAUL J. RICHARDS / AFP

Den ikkje bindande støtteerklæringa, som vart vedteken med 402 røyster for og berre ei imot, gratulerer Liu, og gir han honnør for arbeidet for demokratiske reformar i Kina.

LES OGSÅ: – På tide at Kina lytter til folket sitt

LES OGSÅ: - Nobelprisen det viktigste som har skjedd siden studentopprøret i 1989

Initierte «Charter 08»

Dei folkevalde ber også kinesiske styresmakter om å setje fredsprisvinnaren fri. Liu Xiaobo vart arrestert i desember i fjor for å ha vore ein av initiativtakarane til «Charter 08», eit politisk manifest som krev demokratiske reformar i eittpartistaten Kina.

I vedtaket blir kinesiske styresmakter også bedne om å lette på mediesensuren og sensuren av Internett, og å stanse baksnakkinga av Liu Xiaobo.

- Ved å ære Liu Xiaobo, ærar Nobelkomiteen også alle dei som har kjempa for demokratiske reformar i Kina, inkludert alle dei som deltok i demonstrasjonane på Tianaman-plassen i Beijing i 1989, heiter det i erklæringa frå Representanthuset.

LES OGSÅ: Ble arrestert på vei til Nobel-utdelingen

LES OGSÅ: 19 land med Nobel-nei

- Ein vanleg kriminell

Kina har skulda norske styresmakter for å øydeleggje forholdet mellom Kina og Noreg, og å støtte ein kriminell. Kina meiner at Liu Xiaobo er ein vanleg krimniell, og landet har lagt press på andre land for ikkje å delta under fredsprisseremonien fredag.

Leiaren for representantane frå Det demokratiske partiet i Kongressen, Nancy Pelosi, og republikanaren Chris Smith skal delta under seremonien i Oslo rådhus fredag.

LES OGSÅ: - Nobelprisen er en vekker for FN

LES OGSÅ: FN-toppar får Nobel-refs

LES OGSÅ: Åpner dørene for eksil-kineserne

LES OGSÅ: Eksil-kinesere med protest i Oslo