28.07.2014

- Krigen skal føre til fred

Barack Obama like før avgang til Oslo seint i går kveld norsk tid. (Foto: Susan Walsh/Scanpix/AP)

Barack Obama vinkar frå flytrappa like før avgang til Oslo i natt norsk tid.

Foto: Susan Walsh/Scanpix/AP

Barack Obama vil i takketalen sin på Nobelfesten i dag blant anna slå fast at krigen i Afghanistan er ein del av eit langsiktig mål om fred.

LES OGSÅ: Politiet advarer mot Obama-fjas

LES OGSÅ: Dette skjer i dag

LES OGSÅ: Obama skriver Nobel-talen nå

Det er ein tenestemann i Obama-administrasjonen som seier dette til nyheitsbyrået Reuters. Han seier også at Obama vil prøve å forklare dei som meiner han ikkje burde ha fått prisen, kor viktig det er å føre krigen i Afghanistan.

- Presidenten er involvert i fleire operasjonar for å gjere verda tryggare. Det som skjer i Afghanistan er ein del av dette, seier tenestemannen.

Han seier også at Obama på mange måtar meiner at han ikkje fullt ut fortener ein så høgthengjande pris.

- Han er i starten av presidentperioden sin, og også slik sett i starten av arbeidet for å få til fredelege løysingar på konfliktar, seier tenestemannen til Reuters.

Barack Obama er den tredje sitjande amerikanske presidenten som får Nobels fredspris. Tidlegare har Theodore Roosevelt og Woodrow Wilson fått prisen, medan Jimmy Carter fekk den prestisjetunge utmerkinga over 20 år etter at han gjekk av som president.