Hopp til innhold

- Obama bør gi frå seg Fredsprisen

- Å gi fredsprisen til Barack Obama var ei politisk avgjerd og fullstendig idioti, seier den tidlegare australske utanriksministeren, Alexander Downer.

Alexander Downer er tidlegare utanriksminister i Australia.

Alexander Downer kjem med kraftig kritikk av Thorbjørn Jagland og Nobelkomiteen.

Foto: Louisa Goulimaki / Scanpix/AFP

I eit innlegg i avisa Adelaide Now legg den tidlegare statsråden ingenting i mellom i kritikken av Thorbjørn Jagland og resten av Nobelkomiteen. Han meiner Obama bør seie frå seg prisen.

I artikkelen kallar Downer Jagland for ein tosk, og seier at det ikkje er overraskande at det er han som står bak avgjerda om å gi fredsprisen til Obama.

Han fortel at han sat saman med ein afrikansk kamerat då han fekk vite om fredspristildelinga.

- Kameraten min er ganske venstrevridd. og han elskar Barack Obama, skriv han.

- Dum og skammeleg

Downer fortel vidare at vennen sin første reaksjon var at dette var "patronizing" (nedlatande).

Thorbjørn Jagland

Thorbjørn Jagland får kraftig refs frå ein tidlegare australsk utanriksminister.

Foto: Torbjorn Gronning / Scanpix/AP

- Eg syntest avgjerda var dum og skammeleg, kanskje øydeleggjande, og eg spurde vennen min kva han meinte. Han svarte med ei bitter røyst: "Han fekk prisen berre fordi han er afroamerikanar.

Det kan vere ein del av forklaringa, skriv Downer. Han minner om at Obama vart nominert til prisen etter å ha vore president i berre 11 veker. No har han vore president i åtte og ein halv månad, og det er på langt nær nok til at politikken hans skal bere frukter.

Tsvangerai og Mortenson

Downer nemner fleire kandidatar som har fortent prisen langt meir enn Obama, som Morgan Tsvangerai i Zimbabwe og den tidlegare amerikanske militærlegen Gard Mortenson, som har grunnlagt jenteskular i område i Afghanistan der Taliban står sterkt.

Barack Obama

Mange er kritiske til at Barack Obama fpr Nobels Fredspris.

Foto: AFP PHOTO/Jewel SAMAD

Alexander Downer trekkjer trådane tilbake til 2001, då han var utanriksminister i Australia og Thorbjørn Jagland hadde den same stillinga i Noreg. Det var strid mellom dei to landa omkring det norske skipet "Tampa", som hadde plukka opp fleire hundre flyktningar som var på veg til Australia i skrøpelege farty.

Damaet om bord i "Tampa"

Australia nekta å ta mot flyktningane, og bad det norske skipet ta dei med til Indonesia, der dei truleg hadde starta turen.

- Kapteinen på "Tampa", på ordre frå norske styresmakter, nekta dette, og sa at dei måtte få kome i land i Australia, skriv Downer.

Arne Rinnan var kaptein på MS"Tampa" i 2001.

Arne Rinnan var kaptein på MS 'Tampa' då skipet vart sentrum for ei diplomatisk feide mellom Noreg og Australia.

Foto: Russell McPhedran / Scanpix/AP

Nattleg telefonsamtale

Så fortel han om at han vart vekt av telefonen klokka to ei kald natt i Canberra.

- Det var utanriksminister Jagland. Eg svarte høfleg at det var litt for seint for meg, sjølv om det heilt sikkert var ein fin ettermiddag i Oslo. Han byrja å rope. Han hadde nesten ikkje hatt behov for telefon. Han "gav meg ordre" om å late skipet leggje til i ei hamn i Australia. Eg forklarte på ein høfleg måte kva som var australsk politikk på dette feltet, og sa at asylsøkjararane ville bli godt behandla av UNHCR i Indonesia. Det er ikkje bra nok, brølte Jagland. Han sa at "Tampa" skulle gå til kai i Australia, medan eg sa at det ikkje kom på tale. Og det gjorde det heller ikkje.

Verste avgjerda

Det heiter vidare i artikkelen:

Denne Thorbjørn Jagland var ein skikkeleg partipolitikar. Han var frå Arbeidarpartiet, vi frå Det konservative partiet. Han hadde rett, vi tok feil. Det er inga overrasking at same mannen står bak den verste avgjerda i heile Fredsprisen si historie. Han har gjort verkeleg skade på Nobelprisen som institusjon.

"You cannot help a fool", avsluttar han artikkelen med.

Det er ikkje håp for ein tosk, blir det på norsk.

Alexander Downer var utanriksminister for Det konservative (liberale) partiet i Australia frå 1996 til 2007.